Spree
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spree | ||
|
||
Utspring | Lausitzer Bergland | |
- Høgd | 430 m | |
Munning | Havel | |
- Høgd | 29 m | |
Land i nedslagsfelt | Tyskland | |
Lengd | 380 km | |
Middelvassføring | 36 m³/s | |
Nedslagsfelt | 10 105 km² |
Spree (sorbisk Sprowja/Sprewja) er ei elv i Sachsen, Brandenburg og Berlin i Tyskland og ei av sideelvane til Havel frå venstre med ei lengd på 380 km.
Ho har sitt utspring i Lausitzer Bergland ved den tsjekkiske grensa. Lenger nord renn elva inn i Spreewald, eit stort våtmarksområde, som tidlegare var heimstad til sorbarane. Den siste delen av elva renn gjennom sentrum av Berlin og munnar ut i Havel i dei vestlege bydelane.
Innbyggjarar og turistar i Berlin vitjar ofte Badeschiff, ein badestad ved Spree.
Andre byar langs elva er: Bautzen, Spremberg, Cottbus, Lübbenau, Lübben og Fürstenwalde.
Elva har gjeve namn til to landkreisar i Tyskland:
- Spree-Neiße
- Oder-Spree
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Spree frå Engelsk Wikipedia .