See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Slaget ved Gallipoli - Wikipedia

Slaget ved Gallipoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Måleri av landsetjinga på Anzac, måla av George Lambert
Måleri av landsetjinga på Anzac, måla av George Lambert
Britiske soldatar i mai 1915 gjer seg klare til å gå i land ved Gallipoli
Britiske soldatar i mai 1915 gjer seg klare til å gå i land ved Gallipoli

Slaget ved Gallipoli var eit større krigsslag under den første verdskrigen. Slaget fann stad på den Tyrkiske halvøya Gallipoli frå april 1915 til januar 1916. Styrkar frå Storbritannia og Frankrike samarbeidde om å gå i land på halvøya. Eit mål var å erobra hovudstaden for det ottomanske riket. Den gongen heitte byen Konstantinopel, og har seinare skifta namn til Istanbul. Åtaket mislukkast, og båe sider hadde store tap. På britisk side var marineminister Winston Churchill ein av forkjemparane for åtaket. Etter nederlaget gjekk han av som minister. Landgangen ved Gallipoli er eit døme på amfibisk krigføring. Soldatar rodde i land i opne kvalbåtar eller vart frakta inn med slepebåtar. Dei uerfarne allierte soldatane vart praktisk talt slakta ned av dei osmanske forsvararane. Mange kom seg ikkje eingong ut av båtane. Ved den andre landgangen ved Suvla i august var dei utstyrte med føregjengaren til moderne landgangsfarty, den pansra «Beetle» (engelsk: Billa). 489 000 soldatar vart sette inn på alliert sida, og av desse vart 252 000 drepne, skadde eller sjuke. Tala for dei tyrkiske forsvararane var rundt ein halv million mann i forsvar, og rundt halvparten av desse drepne, skadde eller sjuke.

Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Gallipoli


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -