Semois
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Semois | ||
|
||
Utspring | Ardennane | |
- Høgd | 410 m | |
Munning | Maas | |
Land i nedslagsfelt | Belgia, Frankrike | |
Lengd | 210 km | |
Middelvassføring | 26 m³/s | |
Nedslagsfelt | 1 329 km² |
Semois (fransk Semoy, tysk Sesbach, vallonsk: Simwès) er ei elv i Belgia og Frankrike, og ei av sideelvene til Maas frå høgre. Ho har sitt utspring i Arlon, i den belgiske provinsen Luxembourg, nær grensa til staten Luxembourg. Semois renn stort sett vestover, og kryssar grensa til Frankrike 26 km før ho munnar ut i Maas i byen Monthermé. Den totale lengda hennar er 210 km. Byar langs Semois er Chiny, Florenville, Herbeumont, Bouillon (inkludert Dohan og Poupehan) og Vresse-sur-Semois med Bohan sur Semois som den mest kjende landsbyen.
Namnet kjem frå det germanske ordet sach, som tyder punkt og mari som tyder vatn. Namnet vart skrive som Sesomirs i 664, Sesmarus i 950, Sesmoys i 1104 og Semoir i 1244.
Elva har òg gjeve namn til ein tobakk som veks i området.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Semois frå Engelsk Wikipedia .