Sement
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sement er eit materiale med adhesive eigenskapar. Finmalte materialar blandast med vatn og herdar eit sterkt bindemiddel. Sement blir stort sett nytta som mørtel eller betong.
Navnet kjem frå latin caementum, «små steinar», som opphaveleg er ein referanse til småstein som blei blanda inn for å lage betong.
[endre] Moderne sementproduksjon
Kalkstein med høgt innhald av kalsiumkarbonat blir brote og male i fleire omgangar til mel. Dette melet blir tilsatt stoffar som gips, bauxitt og kvarts for å styra eigenskapane til den ferdige sementen.
Melet blir brent i roterande omnar i fleire omgangar. I første omgang kalisinerast råmateriala ved om lag 1000° C. Då blir karbondioksyd drivi ut og ein får kalsiumoksyd (brent kalk). I neste omgang er oppvarminga til 1450° C og ulike mineral blir danna ved reaksjonar mellom oksyd i råmelet. Det skjer og ei delvis smelting av melet og partiklane sintrar saman til små kuler kalla klinker. Klinkeren blir bråkjølt ned til ca. 200° C.
Til slutt blir klinkeren mole med fleire tilsettingsstoffar, som gips, flyveaske og jarnsulfat, til den partikkelstorleiken ein ynskjer. Det er dette pulveret som blir blanda med vann kort tid før bruk som mørtel eller betong.
[endre] Sementproduksjon i Noreg
Noregs første sementfabrikk blei grunnlagt 1841 på Norde Langøy i Oslofjorden.
I 1888 starta oppbygginga av ein sementfabrikk i Slemmestad lengre ut i fjorden. Eit tysk-svensk selskap stod bak. I 1892 overtok norske interessar og stifta Aktieselskabet Christiania Portland Cementfabrik (CPC). CPC var einaste norske sementfabrikken dei neste 25 åra.
I 1968 var det tre sementfabrikkar att i Noreg og dei fusjonerte under namnet Norcem. Produksjonen i Slemmestad blei lagt ned i 1989. Det blir no produsert sement i Brevik og Kjøpsvik.
[endre] Bakgrunnsstoff og kjelder
- Cementmuseet i Slemmestad
- Norcem