Schellenberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Schellenberg er ein kommune i det lågareliggande området av Liechtenstein, ved breidda av Rhinen. Han har 952 innbyggjarar (2005) og dekkjer eit areal på 3,5 km².
Området vart ført busett av keltarar, så av raetiarar. Romarriket erobra området i 15 fvt. og det vart ein del av provinsen Raetia. Provinsen vart seinare eit grevskap under Karl den store. Grevskapet vart fleire gonger delt mellom arvingane.
Herskapet Schellenberg vart kjøpt av grevane av Vaduz i 1437 og dei to statane har vore samla sidan den gong. Etter den schwabiske krigen i 1499 kom begge under Austerrike sin kontroll. Forskjellege herskapsfamiliar kjøpte og selde dei før dei vart kjøpt av Lichtenstein-familien tidleg på 1700-talet. Dei hadde fått fyrstestatus i 1706, men trengde eit område nær keisardømet for å kunne stemme i riksdagen til fyrstane i riket. Keisaren slo formelt saman Vaduz og Schellenberg i 1719 som Fyrstedømet Liechtenstein.
I kommunen er det eit monument ved grenselandsbyen Hinterschellenberg til minne om dei russiske soldatane som fekk asyl her.[1]. Mot slutten av den andre verdskrigen gav Liechtenstein asyl til om lag fem hundre soldatar frå Russland, som hadde støtta tyske Wehrmacht. Dette var ikkje ein enkel sak for det fattige landet som hadde vanskar med å fø og ta vare på sine eigne innbyggjarar. Til slutt valde Argentina å ta i mot asylsøkjarane. Britane sende heim russarane dei hadde fanga som hadde kjempa på tysk side tilbake til Sovjetunionen.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eschen» frå Engelsk Wikipedia, den 22. januar 2008.
|
---|
Balzers · Eschen · Gamprin · Mauren · Planken · Ruggell · Schaan · Schellenberg · Triesen · Triesenberg · Vaduz |