See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Saint-Tropez - Wikipedia

Saint-Tropez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saint-Tropez
Plassering
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Var
Geografi
Flatevidd
 - By

11,18 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

5 542
  496/km²
Koordinatar 43°16′″N 6°38′″EKoordinatar: 43°16′″N 6°38′″E
Høgd over havet 15 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse annan informasjon
Postnummer 83990


Saint-Tropez er ein liten by og kommune på Den franske rivieraen ved Middelhavet i Frankrike. Han ligg i departementet Var i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Segnet seier at namnet «Saint-Tropez» kjem frå St. Torpes, ein martyr som nekta å gje opp trua si. Han fekk avhogd hovudet, og kroppen hans vart kasta i ein båt, som dreiv i land på staden som ein no kallar Golfe de Saint-Tropez.

Mellom 1470 og 1672 vart Saint-Tropez effektivt styrt som ein sjølvstendig republikk av kapteinar frå lauga i byen, som vart vald av innbyggjarane. Kapteinen styrte mellom anna over ein ståande hær, som jaga bort ein flåte av spanske galleonar i 1637. Området vart heller ikkje pålagd skatt av det franske styret på denne tida. Dette privilegiet vart derimot avskaffa av Kong Louis XIV, som fekk byen inn under fransk kontroll. Den japanske samuraien Hasekura Tsunenaga, som var på veg til Roma, vitja Saint-Tropez i september 1615, noko som skal ha vore det første møtet mellom franskmenn og japanarar.

I 1920-åra trakk Saint-Tropez til seg internasjonale stjerner frå moteverda. Under den andre verdskrigen, den 15. august 1944, var der her dei allierte gjekk i land under Operasjon Dragoon, der dei invaderte Sør-Frankrike. Etter krigen vart byen ein ferieby for franske eksistensialistar. Det var derimot i 1950-åra, delvis på grunn av Brigitte Bardot og filmserien Le gendarme de Saint-Tropez, at byen vart internasjonalt kjend.

[endre] I dag

Saint-Tropez ligg ved det blå vatnet i Golfe de Saint-Tropez, og er ein stad som trekk til seg luksus båtar, internasjonale kjendisar, filmstjerner, popartistar og milliardærar, i tillegg til titusenvis av turistar. Ved hamna ligg ein promenade med kaféar, der turistar og kjendisar kjem for å sjå og bli sett. Nattelivet er svært livleg, og ein kan ofte sjå helikopter som bringer elegante gjestar til private festar i ein av dei mange lukseriøse villaene i bukta.

[endre] Ymse

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Saint-Tropez


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -