Saint-Lô
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Styresmakter | |||
---|---|---|---|
Land Region Departement |
Frankrike Basse-Normandie Manche |
||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
23,19 km² |
||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
20 090 866/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 14 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 50000 | ||
Bilnummer | www.saint-lo.fr |
Saint-Lô er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Manche i regionen Basse-Normandie og har om lag 20 000 innbyggjarar.
[endre] Geografi
Elva Vire renn gjennom byen. Den gamle byen er bygd på ein knaus på innsida av ein stor sving i elva, der han ein gong kontrollerte trafikken på elva.
[endre] Historie
Byen var tidlegare kalla Briovère (som tyder «bru over Vire» på gallisk) og byen er bygd på og rundt gamle festningsvollar. Namnet Saint-Lô kjem frå St. Laud, biskop av Coutances på 500-talet.
Byen ligg ved eit strategisk vegkryss, og vart nesten heilt øydelagd (estimert til 95 %) under Operasjon Overlord i den andre verdskrigen. Samuel Beckett kalla derfor byen Hovudstaden av ruinane. Det vart til og med diskutert om ein i det heile tatt skulle byggje byen opp att, eller om ein skulle la ruinane ligge der som eit minnesmerke over bombinga. Byen vart uansett gjennoppbygd og er i dag eit senter for fransk matlaging med produksjon av prisvinnande oppkutta lever.