Romsonden Dawn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dawn, skutt opp 27. september 2007, er ein ubemanna romsonde som skal gå i bane rundt Vesta, og seinare Ceres. Dawn vil vera det første romfartøyet som har gått i bane rundt eit himmellekam for deretter å reise vidare og gå i bane rundt eit anna.
[endre] Vitskaplege mål
Målet med Dawn er å få greie på forholda og prosessane som fann stad i solsystemets tidlegaste epokar ved å studera to av dei største protoplanetane som framleis er intakte etter danninga. Ceres og Vesta har motståande karakteristika som ein antar er grunna av at dei vart danna to forskjellige plassar i solsystemet. Ceres er antatt å bestå av ein god del is, medan Vesta er antatt å bestå mest av stein og har kanskje hatt vulkansk aktivitet på overflata.
Dawn har med seg kamera for observasjon og navigasjon, visuell- og infraraudspektrometer samt eit gamma- og nøytronspektrometer. Ved å studera radiosignala sendt frå Dawn vil ein og kunne benytta seg av hovudantenna som eit vitskapleg instrument.
Fem prosent av alle meteorittane funne på Jorda, såkalla HED-meteorittar, er antatt å stamma frå Vesta. Dawn vil vera i stand til å stadfeste dette, samt om nokon meteorittar skulle stamma frå Ceres.