See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Rocky Mountains - Wikipedia

Rocky Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kart over Rocky Mountains
Kart over Rocky Mountains
Moraine Lake og Valley of the Ten Peaks i Banff National Park i Alberta i Canada
Moraine Lake og Valley of the Ten Peaks i Banff National Park i Alberta i Canada

Rocky Mountains er ei brei fjellrekkje i dei vestelege områda av Nord-Amerika. Ho strekk seg meir enn 4800 km frå dei nordlegaste områda av British Columbia i Canada til New Mexico i USA. Den høgaste toppen er Mount Elbert i Colorado på 4 401 m. Mount Robson i British Columbia er med sine 3 954 m den høgaste toppen i den kanadiske delen av fjellrekkja.

[endre] Geografi

Rocky Mountains er definert til å strekkje seg frå Liard River i British Columbia til Rio Grande i New Mexico. Andre fjellrekkjer strekk seg vidare frå desse to elvene, Selwyn Range i Yukon, Brooks Range i Alaska, og Sierra Madre i Mexico. Desse er ikkje ein del av Rocky Mountains, men er ein del av den amerikanske kordilleren. I USA vert derimot Cabinetfjella og Salishfjella i Idaho og Montana rekna som ein del av fjellkjeda, medan den kanadiske delen av desse fjella vert rekna som eit anna system i Canada.

Alle formene av vatn har vore med på å forme det noverande landskapet i Rocky Mountains. Snøsmelting og smeltevatn frå isbrear gjev vatn til elvane og innsjøpane rundt fjellkjeda, som utgjer om lag ein fjerdel av alle vasskjeldene i USA. Elvene som strøymer ut frå Rocky Mountains renn til slutt ut i tre av verdshava: Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet. Desse elvene er:

Cathedral-gruppa av Teton Range i Grand Teton National Park i Wyoming.
Cathedral-gruppa av Teton Range i Grand Teton National Park i Wyoming.
  • Arkansas River
  • Athabasca River
  • Clark Fork River
  • Colorado River
  • Columbia River
  • Coeur d'Alene River
  • Fraser River
  • Kootenay River
  • Missouri River
  • North Saskatchewan River
  • Peace River
  • Platte River
  • Rio Grande
  • South Saskatchewan River
  • Snake River
  • Yellowstone River

Det kontinentale vasskillet ligg i Rocky Mountains, og er ei linje der vatnet anten strøymer ut i Atlanterhavet eller Stillehavet. Triple Divide Peak (2 444 m) i Montana har fått dette namnet fordi nedbøren som fell på fjellet renn ut i både Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet.

Wasatch Front i Rocky Mountains i Utah.
Wasatch Front i Rocky Mountains i Utah.

[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Rocky Mountains


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -