See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
RMS «Titanic» - Wikipedia

RMS «Titanic»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

RMS «Titanic»
RMS «Titanic»
Rederi White Star Line
Bygd 1911 ved Harland and Wolff i Belfast
Flaggstat Liverpool i England
Jomfrutur 10. april 1912
Skjebne Sokk etter å ha truffet eit isfjell, 14. april 1912.
Lengde 269 m
Bredde 28 m
Djupn 10.5 m
Toppfart 23 knop (42.5 km/t)
Vekt Tonnasje 46,328 dv.t
Passasjerar 1324 (jomfruturen)
Mannskap 899
Teikning av forliset, av Willy Stöwer
Teikning av forliset, av Willy Stöwer

RMS (også SS) «Titanic» var eit britisk passasjerskip som forliste på sin jomfrutur. Seint om kvelden 14. april 1912 traff ho eit isfjell, og over midnatt 15. april sokk skipet. «Titanic»-forliset, der mellom 1350 og 1512 personar omkom og berre 705 overlevde, er ei av de største og mest kjende maritime katastrofer i fredstid. Forliset fann stad natt til 15. april 1912 i Atlanterhavet på skipet sin jomfrutur mellom Southampton og New York.

Det korrekte tal omkomne er aldri fastslått. Rederiet (White star line/Cunard) oppgav eit tal – Handelsdepartementet eit anna – og granskingskommisjonen eit tredje.

«Titanic» var eit passasjerskip i «Olympic»-klassa. Skipet var 269 m langt og 28 m bredt og var i si tid verdas største passasjerskip. «Titanic» bar prefikset RMS (Royal Mail Steamer) i tillegg til SS (Steam Ship), fordi det frakta post under kontrakt med det britiske postverket. Skipet hadde fire skorsteiner, men berre tre av dem var i bruk – den fjerde var ei såkalla «dummy», lagt til for å gje inntrykk av eit sterkare skip, og ble berre nytta til avtrekk fra byssa. «Titanic» hadde eit mannskap på 885 (884) og var bygd for 3300 passasjerer.

Titanic var den første og siste på ei rekkje område. Ho var den siste som opererte med tre strengt åtskilde klasser. Ho skal også ha vore den fyrste som tok i bruk SOS som naudsignal i staden for CQD, som då var det vanlige.

Innhaldsliste

[endre] Skipet

White Star Line-skipet «Titanic» var då det vart bygd det største skipet i verda og blant dei mest lukseriøse. Skipet sitt skrog var inndelt i fleire seksjonar, slik at skipet ville halde seg flytande sjølv om delar av skroget vart fylt med vatn. Titanic vart bygd ved Harland & Wolf's båtbyggeri i Belfast. Den var med sine 882'6" fot verdas lengste båt, uansett type.

[endre] Jomfruturen og forliset

«Titanic» forlot Southampton kl. 12 den 10. april og sette kurs for Cherbourg i Frankrike og deretter Queenstown (nå Cobh) i Irland for å sleppe av og på passasjerar. Deretter sette den over Atlanteren med kurs for New York - med 1316 passasjerer og eit manskap på 885. Planen var at Titanic skulle ankomme New York berre sju dagar seinare. Kaptein under overfarten var den erfarne Edward J. Smith. Ombord var også konstruktøren av skipet, Thomas Andrews, og direktør for White Star Line J. Bruce Ismay. 29 norske statsborgere var ombord. 28 av desse var på tredjeklassedekket, medan berre Arne Fahlstrøm var passasjer på andre klasse. I alt omkom 21 nordmenn under forliset.

«Titanic» mottok ei rekkje åtvaringar om isfjell og tok omsyn til dette ved å leggje kursen omlag 20 km lenger mot sør. Imidlertid blei ikkje farten på skipet seinka. Klokka 22.45 på pos. 41° 46’ N , 50° 14’V 14. april 1912 fekk utkikksmannen Fredrick Fleet auge på eit stort isfjell og fekk varsla styrmannen som beordra skipet til å ta ein krapp babordsving og reversere propellane for å styre unna. Dette var ikkje tilstrekkeleg, og skipet traff isfjellet på styrbord side. Isfjellet laga ei revne som gjekk langs fem av de vanntette rommene i skroget, éit meir enn det skipet kunne tåle. Etter kvart som skipet sokk flomma vatn over i de neste romma.

Det var tidleg klart at skadane var alvorlege nok til å senke skipet, og livbåtane vart klargjort for evakuering av skipet. Sidan reglementet omkring livbåtkapasitet på den tida berre tok omsyn til skipet si vekt og ikkje passasjerantal, hadde ikkje Titanic nok livbåter til alle ombord. Dette til tross for at skipet hadde fleire livbåtar ombord enn det regelverket stilte krav om. Deu livbåtane som var tilgjengelege vart til tross for dette ikkje fylde opp, til dømes vart den fyrste livbåten med plass til 65 personer sett på vatnet med berre 28 personar. Det var også en livbåt berekna for 65 personar som vart sjøsett med berre 12.

Omlag kl 02:10 gikk propellane over vatnet og andre skorstein fall av. Skipet reiste seg til 45 graders vinkel og folk nærast «aka» nedover skipsgolvet. Kort tid etter knakk Titanic i to på grunn av spenningar i skroget. Titanic knakk mellom tredje og fjerde skorstein. Akterenden reiste seg opp med ein vinkel på 90 grader. Det blei stående og «duppe» litt i vatnet før det så byrja å søkkje – «som ein heis» som overlevande sjefskokk sa. Titanic sokk omtrent kl 02:20.

1512 (noen kilder hevder 1356) passasjerer og besetningsmedlemmar omkom, dei fleste grunna det kalde vatnet. 705 personar overlevde. Blant dei overlevande var det dessuten to hundar. Både kapteinen og skipsbyggeren Andrews omkom, medan direktør Ismay vart redda.

Dei overlevande vart plukka opp av Cunard-skipet «Carpathia» og brakt til New York. 328 omkomne vart funne og dei fleste av dei vart gravlagd i Halifax på Nova Scotia.

[endre] Etter forliset

Vraket til «Titanic»
Vraket til «Titanic»

Tapet av «Titanic» kom som eit sjokk på publikum, og vart ein kraftig lærepenge.

Ei organisert ispatrulje i Nord-Atlanteren vart oppretta i kjølvatnet av forliset og drivast enno av den amerikanske kystvakta. Nye regla om talet på livbåtar ble laget. I tillegg vart konstruksjonen av skipskrog endra og fleire skip fekk dobbeltskrog med to lag («Titanic» hadde dobbel botn men ikkje dobbelt skrog).

Vraket vart funne 1. september 1985 av eit fransk-amerikansk team leia av Jean-Louis Michel og Robert Ballard. Oppdaginga av vraket stadfesta at skipet hadde brotna i to.

Forliset har vorte dramatisert i fleire filmar, mest kjend er den oscarløna filmen Titanic frå 1997, regissert av James Cameron. Mange reknar derimot filmen A night to remember frå 1958 som den beste. Filmen er basert på Walter Lord si bok med same navn. Det er óg utgjeve mange bøker om Titanic-forliset.

I 2007 var berre to overlevande etter forliset i live: Barbara Joyce West Dainton og Elizabeth Gladys «Millvina» Dean.

[endre] Eksterne lenker

[endre] Litteratur

Walter Lord: Titanic: Skipet som ikke kunne synke oversatt, (med tillegg om norske passasjerer) av Jostein Nyhamar

Oslo 1988 Cappelen. Original tittel: «A night to remember». ISBN 82-02-17568-2

Boka inneheld komplette passasjerlister.

Commons har multimedia som gjeld: RMS «Titanic»


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -