See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Provinsen Imperia - Wikipedia

Provinsen Imperia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Provinsen Imperia
Nasjon Italia
Region Liguria
Hovudstad Imperia
Areal 1 156 km²
Folketal (2007) 217 354
Folketettleik 188/km²
Kommunar 67
Bilnummer IM
Postnummer 18010-18100
Retningsnummer (tlf) 0183, 0184, 0196
President Giovanni Giuliano
Plasseringa til Imperia i Italia


Provinsen Imperia (italiensk Provincia di Imperia) er ein provins i regionen Liguria i Italia. Hovudstaden er byen Imperia. Han har eit areal på 1 156 km² og totalt 217 354 innbyggjarar (2007). Det er 67 kommunar i provinsen.

Imperia ligg mellom Dei maritime Alpane i nord og Middelhavet i sør. I aust ligg den italienske provinsen Savona og i nord provinsen Cuneo i Piemonte, medan den vestlege delen dannar grense mot Frankrike og departementet Alpes-Maritimes. Fjellkjeda nord i provinsen har fleire toppar over 1 600 meter og nokre toppar langs grensa til Frankrike strekk seg over 2 000 meter. Åsrekkjer strekk seg ned mot kysten frå nord til sør med dalar innimellom åsryggane. Ei av dei største elvane som renn gjennom desse dalane er Roya.

Det er funne førhistoriske grotter nær den franske grensa ved Balzi Rossi, men det er langt fleire spor etter den romerske sivilisasjonen. Kystvegen Via Aurelia, som romarane bygde, gjekk her og det er restar etter ein romersk by med eit teater nær Ventimiglia. Det ligg mange småbyar ved kysten og åstoppane frå mellomalderen,m en det har vore stor utvikling i området på 1900-talet. Generelt har kyststripa vorte overfolka, medan dei indre områda har vorte fråflytta.

Kysten av provinsen deler mykje den same kulturen og historien som den franske kysten, som heilt bort til Nice ein gong var ein del av Italia. Den lokale dialekten i Imperia er ei blanding av fransk og italiensk, og både mat og arkitektur har mange likskapar.

Sidan han ligg nær Frankrike er kysten til Imperia ei fortsetjing av Den franske rivieraen, i Imperia kalla Den italienske rivieraen. Fleire hevdar at feriebyane i Imperia frå Sanremo til Bordighera og Ospedaletti danna den første «Riviera» i verda, før den franske vart eit like populært reisemål.

På 1800-talet vart desse feriestadane svært populære hos rike europearar, særleg frå Storbritannia og Russland. Av dei som har haldt til i lange periodar her på vinterstid finn ein Dronning Margaret av Savoie som budde i Bordighera, Alfred Nobel som døydde i Sanremo, den russiske tsarinna Maria Alexandrovna, Tsjaikovskij, som skreiv Eugene Onegin i Sanremo, Claude Monet som malte rundt Bordighera og Grock, den kjende sveitsiske klovnen som døydde i Imperia.

I dag vert «Den italienske rivieraen» nytta om heile kysten av Liguria heilt aust til La Spezia, så i dag nyttar ein heller Riviera dei Fiori om kysten av Imperia.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

|


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -