See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Perpignan - Wikipedia

Perpignan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Perpignan
Byvåpenet til Perpignan
Byvåpenet til Perpignan


Plassering
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Pyrénées-Orientales
Først nemd i 927
Geografi
Flatevidd
 - By

68,07 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

105 115
  1 544/km²
249 016
Koordinatar 42°41′55″N 2°53′44″EKoordinatar: 42°41′55″N 2°53′44″E
Høgd over havet 30 m
Diverse annan informasjon
Heimeside: http://www.mairie-perpignan.fr

Perpignan (Katalansk Perpinyà) er ein by i sør i Frankrike ved kysten av Middelhavet. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Pyrénées-Orientales. Perpignan var hovudstad i den tidlegare franske provinsen Roussillon. Han var òg hovudstad i eit historiske comarque i Catalonia kalla Rosselló.

Byen har eit folketal på like over 100 000 innbyggjarar, og etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 249 016 innbyggjarar.

[endre] Historie

Det har vore busetnadar her sidan romartida, men mellomalderbyen Perpignan ser ut til å ha vorte grunnlagd i byrjinga på 900-talet (først nemd i dokument som villa Perpiniarum i 927). Perpignan vart snart hovudstaden til hertugane i Roussillon. I 1172 testamenterte grev Girard II landområda sine til grevane i Barcelona. Perpignan fekk delvis sjølvstyre i 1197. Louis IX enda dei franske lensrettane over Rousillon i Freden i Corbeil i 1258.

Då Jakob Erobraren, konge av Aragon og grevane i Barcelona oppretta Kongedømet Mallorca i 1276 vart Perpignan houvdstad for fastlandsområda til den nye staten. Dei påfølgande tiåra vert rekna som gullalderen for byen. Han hadde stor framgong som senter for klesproduksjon, lær, gullsmed og andre luksushandverk. Kong Filip III av Frankrike døydde her i 1285 då han kom tilbake etter eit mislykka korstog mot den aragonesiske kongen.

I 1344 annekterte Peter IV av Aragon Kongedømet Mallorca og Perpignan vart igjen ein del av Hertugdøme Barcelona. Eit par år seinare omkom om lag halvparten av innbyggjarane som følgje av Svartedauden. Han vart åttaka og okkupert av Louis XI av Franrkike i 1463. Eit valdleg opprør mot det franske styret i 1473 vart brutalt slått ned på etter ei lang omleiring, men i 1493 gav Karl VIII av Frankrike byen tilbake til Ferdinand II av Aragon i eit ønske om forsoning med Spania og for at han då fekk sjans til å invadere Italia.

Byen vart igjen omleira og tatt tilbake av Frankrike under Trettiårskrigen i september 1642, og Perpignan vart formelt avstått frå Spania 17 år seinare i Freden i Pyreneane, og har sidan den gong vore ein del av Frankrike.

[endre] Vidkjende personar frå Perpignan

  • Hyacinthe Rigaud (1659-1743), som malte dei offisielle portretta av Ludvig XIV av Frankrike
  • François Arago (1786-1853), fysikar, astronom og liberal politikar, som sikra avskaffinga av slaveriet i dei franske koloniane i 1853, vart fødd i den nærliggande landsbyen Estagel. Han er minna med plassen Place Arago i sentrum av byen, der det òg står ein statue av han.
  • Robert Brasillach (1909-1945), fascistisk forfattar.
  • Frédérick Bousquet (fødd 1981), fransk fristil- og butterflysvømmar som deltok i Sommar-OL 2000 og Sommar-OL 2004.
  • Sandrine Erdely-Sayo (fødd 1968) pianist, som 13-åring yngste mottakar av prisen til den franske kulturministeren.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Perpignan


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -