Karl VIII av Frankrike
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl VIII (Charles VIII l'Affable) (fødd 30. juni 1470 i Ambroise i Frankrike, død 7. april 1498) var konge av Frankrike frå 1483 til hyan døydde. Han var son av kong Ludvig XI og etterfylgde faren den 30. august 1483. Han vart gift med Anna av Bretagne i 1491.
Hans krigføring i Italia for å underlegge seg fyrstedømet Milano etterlot Frankrike i djup gjeld. På den positive sida bidro det til at den italienske renessansen spreidde seg til franske intellektuelle.
Han var den siste arvingen av fyrstehuset Valois, og dermed passerte den franske trona over til fetteren Hertugen av Orleáns Ludvig XII.