See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Pasta - Wikipedia

Pasta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tilverking av fersk pasta
Tilverking av fersk pasta

Pasta er eit næringsmiddelprodukt, som vanlegvis er laga av ein deig av kveitemjøl (vanleg kveite eller durumkveite) og vatn, men kan óg vere tilsett andre ingrediensar for å gje farge og smak til pastaen, eller andre eigenskapar. Mest vanleg er det å tilsette egg og salt.

Ordet pasta kjem frå italiensk, og tyder deig; på italiensk brukast ordet óg om små kaker.

Produktet selges oftast i tørka tilstand, då med eit vatninnhald på omlag 7 %, men kan óg selges fersk.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Det er mange land som hevdar at pasta stammar frå dei, og truleg har pasta oppstått fleire stader i verden, uavhengig av kvarandre. Nokre kjelder seier at det var Marco Polo som tok pastaen med seg frå Austen til Italia1200-talet, men dette er ikkje rett. Kineserane åt nudler så tidleg som 200 f.Kr.

Før pastaen vart korn spist anten som graut eller ein slags korndeig, eller han vart steikt til brød om dei hadde ovnar eller ild til å steike brød. Pasta hadde den fordelen at han kunne spisast uten at dei hadde ovn eller nok ved. Pasta gjer difor høgare næringsverdi i forhold til arbeidsinnsatsen enn brød. Tørka pasta kan óg oppbevarast lenge om det holdast tørt.

Det tidlegaste funnet i Europa er hjå Etruskarane (Italia), der utgravingar frå det 4. århundre f.Kr. visar at dei åt pasta. I nærleiken av landsbyen Lajia ved elva Huang He i Kina har ein i arkeologiske utgravingar funne pasta frå omlag år 2000 f.Kr. Lajia vart i sin tid ramma av eit jordskjelv etterfulgt av ein flodbølgje, men den pastaen som ble funne her låg under ei leirekrukke som låg opp ned, begravd i løss. Nudlane vart funne av arkeologen Houyuan Lu, og dei hadde ein lengde på omlag ein halv meter og ein diameter på omlag 3 mm. Dei var laga av hirse.

I utgravingane etter vulkanen Pompeii har man óg funne reiskapar som truleg har vore bruka til å laga pasta, saman med andre kinesiske reiskapar. Handel med Kina gjekk om silkevegen, som ble forlenga til Roma i år 30 f.Kr.. Dette motbevisar at Marco Polo tok med pastaen til Italia, sjølv om han sannsynlegvis tok med seg nye oppskriftar frå Kina, og kan hende óg bidro til pastaens popularitet i Italia.

Thomas Jefferson, USAs tredje president, var óg oppfinnar, og tok med seg den første makaroni-maskina til USA i 1789, då han kom heim etter ei tid som ambassadør i Frankrike.

[endre] Pasta-variantar

Hovudingrediensen er durumkveite, som gjer pastaen eit høgt innhald av protein og karbohydratar, og eit lågt innhald av stivelse. Den bidreg óg til at pastaen ikkje klistrar etter koking.

I Austen brukast mykje nudlar, der deigen kan lagast av både kveite, mais, ris og bønner.

Pasta kan óg lagast av spelt, eller bokkveite som t.d. Pizzoccheri.

I tillegg finns pasta i ulike variantar som:

  • fersk eller tørka
  • fylt eller ikkje fylt
  • farga eller ikkje farga

I nokre tilfelle kan pastadeigen óg tilsettast B-vitamin, jern eller proteinar.

[endre] Pasta og matlaging

Pasta brukast svært mykje i store delar av verda, mellom anna fordi han er lett å tilverke, og at han er svært variert i form og farge, og dermed bruksesområdar.

Kritikken mot pastaen er at den har høgt innhald av karbohydratar.

Pasta kokast gjerne al dente («til/for tanna»), dvs. at pastaen skal gjere litt motstand når den tyggast.

[endre] Bilete

Bilete av forskjellige pastatypar med italienske navn. Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik.

[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Pasta


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -