See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Os i Hordaland - Wikipedia

Os i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Os i Hordaland
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1243
Fylke: Hordaland
Administrasjonssenter: Osøyro
Flatevidd: 139 km²
Folketal: 16 055 (2008)
Målform: Nynorsk
Internettside: www.os.hordaland.no
Politikk
Ordførar: Terje Søviknes (FrP) 2007-2011

Os er ein kommune i Midthordland, altså i Hordaland fylke. Os ligg på Bergenshalvøya sør for Bergen. Elles grensar Os til Korsfjorden, Bjørnafjorden og Fusafjorden, og mot Samnanger kommune i aust.

I den gamle sogetida var namnet på heradet Framnes, av di det ligg fremst på neset av Bergenshalvøya. Os kommune stammar frå 1837. Frå 1837 til 1854 var noverande Fusa og Samnanger kommunar del av Os (eller Ous) herad. Namnet Os kjem av garden Os og bygdesentrumet Osøyro. Dei har fått namn frå elveosen til den største elva i kommunen, som heiter Oselvo. Elva har òg har gjeve namn til båttypen oselvar.

På kommunevåpenet for Os er det ein oselvar i gull. Over han er det ei stor rose og rundt han ni små roser. Det fortel om dei gamle handverka båtbygging og rosemåling. Dei ni små rosene representerer dei skulekrinsane som var i bygda då kommunevåpenet vart til. Kommunemerket vart utforma av teiknaren Trygve Eriksen til Osmønstringa i 1949.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Gardane i Os er små og mykje oppdelte. Det er 352 gardsbruk på meir enn 5 dekar innmark, men berre 20 av desse er på 50 dekar eller meir. Det største bruket er Lysekloster.

Kommunesenter er Osøyro.

Dei høgste fjelltoppane er Svinningen (843 m) og Møsnuken (640 m).

[endre] Kultur og politikk

I 2006 fekk Os sin eigen logo.
I 2006 fekk Os sin eigen logo.

Kommunesong er Os-songen.

Lokalavis er Os og Fusaposten.

Os er heim til musikkfestivalen Osøren blues- & jazzfestival, og WT Os internasjonale filmfestival. Båe vert haldne for tiande gong i 2008.

Saman med alle nabokommunane, så nær som Bergen, høyrer Os inn under Midhordland tingrett. Kommunen høyrer til Os lensmannsdistrikt og Hordaland politidistrikt.

[endre] Verdt å sjå


[endre] Næringsliv

Hovudnæringane i Os har tradisjonelt vore jordbruk og fiske, med litt handverk som treskoarbeid og båtbygging attåt.

Det vert ikkje dyrka korn i Os. Store nedbørsmengder og mykje brattlende gjer åkerbruk vanskeleg. Men jordbruket vert drive relativt intensivt likevel: graset veks frodig på eng og beite, og ein del grønsaker og poteter vert det òg dyrka.

På slutten av 1800-talet byrja det å dukka opp fealslag og meieri i bygda. (Alle meieria vart nedlagde i 1960 då heile Os vart tilknytt Bergensmeieriet.)

I 1914 bygde Os sitt eige elektrisitetsverk og treindustrien skaut fart, særleg møbelfabrikkar. Det vart òg stifta ei rekkje mekaniske verkstader og Os vart etter kvart ei industribygd.

På midten av 1900-talet vart det bygd mange drivhus som dyrkar finare grønsaker og blomar.

[endre] Demografi og samferdsle

I gamal tid, før det kom veg til alle gardane, rodde eller segla folk gjerne til Bergen når dei skulle handla. Det hende ofte at dei gjekk til byen òg, med ein kalveskrott eller treskosekk på ryggen, for det var ikkje køyrbar veg mellom Os og Bergen.

Samferdsla tok seg kraftig opp då Nesttun-Osbanen kom i drift. Dette var ein smalspora jarnbane som gjekk mellom Nesttun i Fana og Osøyro i Os. Banen vart opna i 1894 og nedlagt i 1935. Han førte m.a. til at det opna fleire hotell i Os. Utover 1920- og 1930-åra vart det bygd bilveg til Bergen, og trafikken over Bjørnafjorden gjennom Os auka mykje.

Os kommune har ferjesamband sørover frå HalhjemSøre Neset til Sandvikvåg i Fitjar og til VågeTysnes. Austover går det ferje frå Hatvik til Venjaneset i Fusa.

Nest etter Øygarden er Os den kommunen som veks raskast i Hordaland. Innbyggjartalet voks med 2,4 prosent i 2005. Litt over halvparten av dette skuldest tilflytting. Kommuneplanen for Os har ei uttrykt målsetjing om ein årleg vekst på 2,5 prosent.

[endre] Historie

Det finst mange gravhaugar frå jarnalderen og bronsealderen i Os, og somme av gardsnamna i Os er av ein type som tyder på at her var tidleg fastbuande folk som dyrka korn kanhende fleire tusen år før vår tidsrekning.

I 1146 lét bispen i Bjørgvin byggja eit cisterciensarkloster på garden sin, Lyse i Os. I løpet av 390 år greidde munkane i Lyse kloster å tileigna seg over 200 gardar i Os.

Då reformasjonen vart innført i 1536, overtok danskekongen eigedomen og la ned klosteret. Nokre år seinare ga han påbod om å riva klosteret. I 1578 vart steinen frå klostermurane ført til Danmark og nytta i Kronborg slott.

Dei fleste bøndene i Os var leiglendingar heilt fram til 1872, då storparten av dei fekk kjøpa gardane dei budde på.

[endre] På verdsveven

[endre] Sjå òg


Hordaland
Askøy | Austevoll | Austrheim | Bergen | Bømlo | Eidfjord | Etne | Fedje | Fitjar | Fjell | Fusa | Granvin | Jondal | Kvam | Kvinnherad | Lindås | Masfjorden | Meland | Modalen | Odda | Os | Osterøy | Radøy | Samnanger | Stord | Sund | Sveio | Tysnes | Ullensvang | Ulvik | Vaksdal | Voss | Øygarden


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -