Nordkapp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 2019 |
Fylke: | Finnmark |
Administrasjonssenter: | Honningsvåg |
Flatevidd: | 923 km² |
Folketal: | 3 219 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Kristina Hansen (Ap) |
Målform: | Nøytral |
Nettstad: | www.nordkapp.kommune.no |
Nordkapp er ein kommune i Finnmark. Han grenser i sørvest mot Måsøy, i sør mot Porsanger, og i søraust mot Lebesby kommune. Størsteparten av kommunen ligg på Magerøya, men han omfattar også delar av fastlandet på aust og vestsida av Porsangerfjorden.
Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur i Honningsvåg, andre tettstadar er Karmøyvær, Skarsvåg og Gjesvær.
Det kommunen er mest kjend for og som namnet kjem frå er Nordkapp, ei 307 meter høg klippe som vanlegvis er omtala som det nordlegaste punktet av Europa.
Årleg er det rundt 200.000 besøkjande turistar i løpet av sommaren. Knivskjellodden vest for Nordkapp ligg faktisk omtrent 1500 meter lengre nord, men dit er det ikkje bilveg.
Nordkapp vart fyrst navngjeten da den engelske oppdagaren Richard Chancellor runda klippa i 1553 under eit forsøk på å finne ei sjørute gjennom nordaustpassasjen.
[endre] Tettstader i kommunen
[endre] Kjende personar født i Nordkapp kommune
- Idar Kristiansen, forfattar
- Gunnar Stålsett, tidlegare biskop i Oslo bispedømme og politikar (Sp)
[endre] Eksterne lenkjer
|