Nagl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neglar er modifiserte overhudsceller (frå epidermis), ein finn ytterst på lemmane til menneske og andre dyreartar. Som i det ytterste laget av huden er cellene omdanna til proteinet keratin, i neglene er omdanninga til keratin fullstendig. Neglene voks innanfrå, frå neglerota. Etterkvart som det veks fram nye celler her blir dei eldre skyvi utover. Då døyr dei, og keratiniseringsprosessen startar og neglesubstansen blir danna.
Neglen er festa til kjøtet under, neglesenga. Ein nagl veks med om lag 1 mm i uka.
[endre] Kjelder
- Jacob, Francone og Lossow: Anatomi og fysiologi. Oslo, 1980.