See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nøtteskrike - Wikipedia

Nøtteskrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nøtteskrike
Nøtteskrike
Nøtteskrike
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordatar
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Corvidæ
Slekt: Garrulus
Art: Nøtteskrike
Vitskapleg namn
Garrulus glandarius
Linné, 1758

Nøtteskrike er ein fargerik fugl med eit stygt skrik, som høyrer til kråkefamilien. Om hausten samlar ho ofte eikenøtter og anna vinterføde. Ho vitjar av og til foringsbrettet i vinterhalvåret og kan vere eit ettertrakta bytte for hønsehauken. Nokre kallar nøtteskrika for skauskjære.

Innhaldsliste

[endre] Utsjånad

Nøtteskrika er 35 cm lang, og vekta er 140–150 gram. Vingene er svarte og kvite med eit blått felt og svarte tverrband. Issen har svarte og kvite fjør som kan reisast i ein topp når nøtteskrika er opphissa. Nebbet er kraftig og spiss. Det kan brukast til å opne nøtter og til graving.

[endre] Utbreiing

Nøtteskrika finn ein over eit stort område som strekker seg frå Vest-Europa og Nordvest-Afrika til Asias Stillehavskyst og ned til Søraust-Asia. I Noreg lever nøtteskrika i den sørlege delen av landet. Vi kan finne ho i skog og meir opne område med spreidde tre. Om hausten kan ho trekkje inn mot tettbygde strok for å samle hassel- og eikenøtter. Vi kan også sjå fuglen i potetåkeren.

[endre] Mat

Nøktetteskrika et insektlarvar, mark, edderkoppar, smågnagarar, fugleegg, fugleungar, frø og frukt. Om hausten et ho nøtter. Nøttene grev ho ned til vintermat, og ho huskar godt kvar dei ligg gøymt.

[endre] Hekking

Nøtteskrike-egg
Nøtteskrike-egg

Reiret er flatt og blir bygd oppe i eit tre eller i eit stort buskas. Det blir bygd av kvistar og plantestenglar og fôra med tørt gras. Dei legg dei 4 – 6 egga i mai/juni, og ungane blir klekte etter 16 – 17 dagar. Båe foreldra deler på å mate avkommet. Etter 21 – 23 dagar forlet ungane reiret. Når ho syng, høyrast det ut som langtrukne prekært–prekært.

[endre] Åtferd

Det vanlege kallet er eit varselkall som er eit hardt, raspande skrik, og det vert nytta når ulike rovdyr blir oppdaga. Nøtteskrika er òg kjent for å herme andre arter så nøyaktig at det kan vere umogleg å skile dersom ein ikkje ser fuglen. Den kan til og med herme ljodet frå fuglen ho angrip, slik som kattuglen, noko ho nådelaust gjer ved angrep om dagen. Om natta er det likevel nøtteskrika som kan vere rov for ugla, og om dagen er ho bytte for til dømes hønsehauk og vandrefalk.

[endre] Galleri


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -