Moské
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islam |
Heilage stader |
Mekka – Medina – Al-Quds (Jerusalem) – Najaf – Karbala |
Sakralbygg |
moské – minaret – mihrab – qibla – Kaba |
Ein moské (arab. مسجد masġid) er eit muslimsk sakralbygg for bøn og koranstudium. Sentrale element i ein moské er mihrab (ei nisje i veggen som vender mot Mekka), minbar (ei trappeliknande plattform nærme mihrab der den religiøse leiaren leier gudstenester og forrettar preiker), dikka (ei opphøgd plattform nærme atterveggen der lekfolk leier gudstenester frå) og kursi (ein lesepult nærme dikka der Koranen blir lesen frå).