Mordechai Vanunu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tvilsame påstandar utan kjelder vil bli fjerna. |
Mordechai Vanunu (hebraisk: מרדכי ואנונו), (f. 13. oktober 1954) i Marrakesh i Marokko av jødiske foreldre (faren var rabbinar). Vanunu er kjend som ein israelsk kjernefysikar som i 1986 avslørde Israel sitt atomvåpenprogram og at Israel hadde slike våpen. For dette sat han 18 år i fengsel, og han har framleis avgrensa fridom. Mellom anna kan han ikkje snakke med utlendingar, og for brot på denne regelen vart han i juli 2007 dømd til nye 6 månader i fengsel.