Melkøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melkøya er ei øy utanfor Hammerfest i Finnmark fylke. På øya er det under utbygging eit anlegg for mottak og prosessering av naturgass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet. Anlegget vert kalla Snøhvit LNG. Gassen vil verta send i ein 160 km lang gassrøyrleidning til Melkøya. På Melkøya vil gassen verta prosessert og konvertert til nedkjølt flytande form (LNG). Gassen vil verta eksportert i spesialbygde skip. Oppstart av anlegget er planlagt til hausten 2007. Statoil ASA er operatør for utbygginga.
Den første skipslasta med 145000 kubikkmeter flytande gass gjekk frå Melkøya den 20. oktober i 2007 med skipet Arctic Princess