Snøhvit LNG
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snøhvit LNG er eit petroleumsanlegg som er under bygging på Melkøya utanfor Hammerfest. Anlegget skal ta imot naturgass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet.
Når gassen er ferdig utskilt, vert han kjølt ned til LNG (Liquefied Natural Gas, flytande naturgass). Deretter skal gassen lastast på skip. Det går inga røyrlina med gass frå Snøhvit.