See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Magnus Eriksson - Wikipedia

Magnus Eriksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magnus Eriksson
Magnus Erikssons domsigill
Magnus Eriksson sitt segl
Regjeringstid, Noreg: mai 1319-1343
(formyndarregjering truleg til 1331)
Regjeringstid, Sverige: 8. juli 1319-februar 1364
(formyndarregjering truleg til 1331), delt regentskap med Erik Magnusson av Sverige 1357-21. juni 1359 og med Håkan Magnusson (Håkon VI Magnusson) frå februar 1362
Kroning: 1336
Dronning: Blanka av Namur
(1335-1363)
Etterfylgde i Noreg: Håkon V Magnusson
Etterfylgde i Sverige: Birger Magnusson
Etterfylgde i Skåne: Johan av Holstein (pantherre)
Etterfylgjar i Noreg: Håkon VI Magnusson
Etterfylgjar i Sverige: Albrekt av Mecklenburg
Etterfylgjar i Skåne: Valdemar Atterdag (del av Danmark att)
Fødd: april eller mai 1319
Død: 1. desember 1377
Dødsstad: Bømlafjorden i Noreg
Gravstad: ukjend

Magnus Eriksson (fødd i april eller mai 1316 - død 1. desember 1374 av drukning) var konge av Noreg, Sverige og Skåne. Magnus Eriksson var konge av Noreg i tidsromet frå 1319 til 1343, eller reelt til 1355. Samstundes var han konge av Sverige frå 1319 til 1364, og konge av Skåne frå 1332 til 1360. Magnus Eriksson var den sjuande norske kongen som heitte Magnus. Han kan difor óg verta omtala som "Magnus 7. Eriksson" eller Magnus VII Eriksson". Magnus Eriksson var den andre svenske kongen som heitte Magnus. Han kan difor óg verta omtala som "Magnus 2. Eriksson" eller Magnus II Eriksson". Nokre gonger vert han omtala som Magnus Smek. Tilnamnet "Smek" fekk han av den heilage Birgitta, som skildra Magnus som homoseksuell.

Magnus var son åt den svenske hertug Erik Magnusson og Ingebjørg Håkonsdotter av Noreg. Då kong Håkon V Magnusson døydde sonlaus i 1319, vart son åt dotter hans vald til konge, berre fire år gamal. Han vart samstundes konge av Sverige, som soneson av Magnus Ladulås. Magnus Eriksson var den fyrste Folkungen på den norske trona. I 1355 overlét han makta i Noreg åt ein yngre son. Denne sonen vart kong Håkon VI Magnusson. Håkon VI Magnusson vart vald til konge av Noreg i 1343, men faren var formyndar for han. Mykje av makta kom til å liggja hjå det norske riksrådet.

I 1332 døydde Christoffer II av Danmark, far til Valdemar Atterdag, som "konge utan land". Han hadde pantsett Danmark stykke for stykke. Den no myndige kong Magnus nytta seg av situasjonen og løyste ut pantet på Skånelanda med 34.000 mark sølv (6 432 kilo) og lot sig hylla som konge av Skåne. Samstundes byrja Valdemar Atterdag å samla det splitta og pantsette Danmark, der Skånelanda var ein viktig del. Ved freden i Varbjerg i 1343 måtte Valdemar anerkjenna kong Magnus si styring med Skånelanda. I 1360 lukkast det Valdemar å få attende Skåne til Danmark. Etter dette gjekk det nedover med kong Magnus. I 1364 blev han driven ut av Sverige, men han kom attende og prøvde å ta styringa att. Han mislukkast, og i tida frå 1365 til 1371 sat han i fengsel i Stockholm. Han døydde i 1374 i Noreg.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -