See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Mårhund - Wikipedia

Mårhund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mårhund

Mårhund (Nyctereutes procyonoides)
Mårhund (Nyctereutes procyonoides)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Underorden:
Familie: Canidae
Slekt: Nyctereutes
Art: N. procyonoides
Vitskapleg namn
Nyctereutes procyonoides

Mårhund (Nyctereutes procyonoides), også kjend som vaskjebjørnhund, er namnet på eit rovdyr i hundefamilien, og er som ein rev i storleik.


Innhaldsliste

[endre] Skildring

Mårhund
Mårhund

Det vitskaplege namnet til mårhunden tyder nattevandrar som liknar ein vaksebjørn. Forskarar trur linja som mårhunden tilhøyrer skilde lag med dei andre canidane for omlag 7-10 millionar år sidan.

I storleik er mårhunden som ein liten rev, og har i pelsmakeringar og utsjånad kan han likna mykje på ein vaskebjørn (Procyon lotor), og også ein del på grevling (Meles meles). Mårhunden er, slik som raudreven og grevlingen, ein altetar, og trulig er dei tri konkurrentar i kosten, men i kva grad veit me ikkje. Den har eit lite hovud og eit spisst snuteparti med 42-44 tenner i kjeven (3/3, c 1/1, p 4/4, m 2-3/3). Rovtennene er reduserte i storleik, mens molarane er forholdsvis store.

Mårhunden har ein skulderhøgd på omlag 38-51 cm. Kroppslengda er omlag 50-68 cm frå snuten til halerota, og halen er omlag 13-25 cm. Vekta er normalt omlag 4-6 kg om sumaren, og 6-10 kg om vinteren (opp mot 12 kg har blitt målt). Europeiske dyr ser ut til å vera noko større enn sine asiatiske slektningar. I Kina veg tispa i snitt 0,5 kg meir enn hannen.

Pelsen er tett og mjuk. Markeringane på hovudet inkluderar kvitt på den framre delen av snutepartiet og i anletet, og svart pels ikring augene. Svarte markeringar strekker seg óg over rundt skuldrane og ned langs sidene som eit kross. Øyrene er runde og små og har svarte kantar. På kroppen ellers er pelsen mørk brun til gulbrun i farge, men den kan variera ein del fra stad til stad og årstid til årstid. På buken er pelsen lysare, mens på brystet og nedover beina er han mørkebrun til svart. Den buskete halen er nesten svart på oversiden og lys gulbrun under. Pelsen blir ofte mørkare i farge så vel som tjukkare om vinteren.


[endre] Utbreiing og habitat

Mårhunden høyrer opprinneleg heime i Asia (Nord-Kina, Nord-Vietnam, Korea og Japan), men blei introdusert til Aust-Sibir i Russland. Derifrå blei han i periodar 1927-1957 spreidt vidare Vest-Russland, og sidan óg til store delar av Skandinavia. Den etablerte seg raskt i Finland og spreidde seg sidan til Sverige. No har den óg nådd Noreg, men her til lands er mårhunden ein uynskja og derfor ein fredlaus dyreart, på line med villsvin og mink, og det er lov å driva jakt på han heile året.

Mårhunden likar seg best i tett vegetasjon, siv, myrland og tett underskog, og trivast i temperert klima i høgdar frå havnivå og opp mot 3.000 moh. Han er sky, men har ingen problem med å trenga seg inn på folks eigedommar for å stjela matrester og liknande

[endre] Åtferd og formering

Mårhunden har vintersvevn. Den går normalt i dvale i laupet av november og vaknar opp igjen tidleg i april, litt etter klimaet på kvar stad. Vintersvevn er heilt nødvendig for at dette dyret skal overleva, fordi det ikkje kan klara å lagra nok feitt til å overleva utan. Eit individ kan auka kroppsvekta med opp mot 50% før vintersvevnen tek til.

Mårhunden lever truleg i par eller små grupper beståande av foreldre og årets kvalpar. Det blir likevl rapportert at dei kanskje ferdast åleine på dagtid. Tidlegare trudde ein at han stort sett var nattekativ, men seinare studiar har vistat den kan vera døgnaktiv. Det er óg mogleg at dette varierar frå område til område.

Dyret kan ikkje bjeffa, men er likevel ganske vokale. Dei kommuniserar med kvin-, klynk, knurr- og murrelydar i tillegg til kroppsspråk og markeringar. Mårhunden er sky og ikkje særleg stridlyndt og går heller og gøymer seg i staden for å sloss, og det hender han kan spela daud om han blir gått til åtak på.

Tispa bærer kvalpane i omlag 60 dagar, og når dei er fødd hjelper båe foreldra til med å passa dei. Under svangerskapet og den fyrste tida etter fødselen er det hannens jobb å finna mat.

I snitt lever berre ein prosent av mårhundane til dei vert 5 år gamle, og maksimal levetid i vill tilstand er normalt 7-8 år, sjølv om dei i særskilde tilfelle kan bli opptil 10 (i fangenskap 13) år gamle. I Finland døyr 88% av mårhundane i laupet av det fyrste leveåret.

[endre] Ernæring

Mårhunden er ein opportunistisk alteter, ein såkalla omnivor. Han jaktar og lever av fisk, smågnagare, fuglar, amfibier, insekter og fugleegg. Han er dyktig til å symja og kan dykka for å finna den maten han ynskjer. Det er óg kjend at han et slangar, firfisler, molluskar og krabbar så vel som røter, lauv, knollar, nøtter, frø, frukt og bær m-m.

[endre] Underartar

I augenblinket (2006) anerkjennast seks underartar. Nokon forskarar har hinta til at dei to japanske underartane (gjerne kalt tanuki) N. p. albus og N. p. viverrinus, kanskje kan vera ein eigen art. Dei har færre kromosomer enn dei kontinentale underartane og skil seg dessutan gjennom både fenotype og åtferdsmessige skilnader.

[endre] Anna

Mårhunden er harmlaus for mennesker, men kan vera bærar av rabies.

[endre] Lenker

[endre] Kjelder


Mal:Zoologistubb


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -