Liège
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panorama av Liège | |||||
|
|||||
Plassering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kart som viser kor Liège ligg i Belgia (raud prikk) | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Provins |
Belgia Vallonia Liège |
||||
Grunnlagd | 558 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
69,39 km² |
||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik - Storbyområde |
187 086 2 696/km² 600 000 |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Heimeside: http://www.liege.be/ |
Liège (vallonsk: Lîdje, nederlandsk: Luik, tysk: Lüttich) er ein stor by i Belgia og ein kommune i Vallonia og Liège. Byen ligg ved elva Maas nær Belgia si grense mot Nederland og Tyskland, der Maas møter elva Ourthe
Liège er den største og viktigaste byen i Vallonia, den fransktalande delen av Belgia. Kommunen Liège inkluderar dei tidlegare kommunane Angleur, Bressoux, Chênée, Glain, Grivegnée, Jupille-sur-Meuse, Rocourt og Wandre.
Sjølve byen Liège hadde i 2006 opp mot 190 000 innbyggjarar, men i området rundt Liège bur det rundt 600 000. Byen er eit av dei store økonomiske og kulturelle sentra i Vallonia, og innbyggjarane er hovudsakleg fransktalande. I tillegg er byen ein stor studentby med meir enn 24 skular og totalt 42 000 studentar (inkludert Universitet i Liège, som vart grunnlagd i 1817, som har 17 000 studentar).
Det var busetnadar her alt i romartida, og Liège vart først nemnd i 558 som Vicus Leudicus.