See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kviterussisk geografi - Wikipedia

Kviterussisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Detaljert kart over Kviterussland
Detaljert kart over Kviterussland
Satellittbilete av Kviterussland i desember 2002.
Satellittbilete av Kviterussland i desember 2002.

Kviterussland er hovudsakleg eit flatt land (middelhøgda er 162 meter over havnivå) utan naturlege grenser og dekkjer eit areal på 207 600 kvadratkilometer. Nabolanda er Russland i aust og nordaust, Latvia i nord, Litauen i nordvest, Polen i vest og Ukraina i sør.

Geografiske koordinatar
54° N 27.5° E

Innhaldsliste

[endre] Topografi og drenasje

Kviterussland er bortimot heilt flatt, men diagonalt gjennom landet går Den kviterussiske kjeda (Byelaruskaja Hrada), eit noko høgareliggande område som består av individuelle åsar frå sørvest til nordaust. Det høgaste punktet er Dziarzjynskaja (Dzerzjinskaja på russisk) på 346 meter, kalla opp etter Felix Dzerzjinskij, leiar for Russland sitt tryggleiksapparat under Stalin. Nordlege delar av Kviterussland har eit naturskjønt åslandskap med mange innsjøar og slake åsar danna av massane frå isbrear. I sør består om lag ein tredjedel av området rundt elva Pripjat av den lågtliggande og myrlendte sletta kalla Polesie.

Kviterussland har rundt 3 000 elvar og 4 000 innsjøar, som utgjer ein stor del av landskapet. Desse vert brukt for tømmerfløting, skipsfart og straumproduksjon. Av store elvar har ein Daugava og Nemunas, som begge renn vestover, og Dnepr, som renn sørover, med sideelvane hennar Berezina, Sozj og Pripjat. Pripjat og tilhøyrande kanal har knytta saman elvene Dnepr og Vistula i Polen sidan Kievriket. Narots er den største innsjøen i landet med eit areal på 80 kvadratkilometer.

Om lag ein tredjedel av landet er dekka med såkalla pusjtsji, store folketomme skogområde. I nord er det bartre som dominerar, men ein finn òg bjørk og or her. Lenger sør veks det òg andre lauvtre. Skogen Belavezjskaja (Belovezjskaja på russisk) Pusjtsja lengst vest er den eldste og flottaste av skogane. Eit reservat her vernar om dyr og fuglar, som i omliggande område forlengst er utrydda. Reservatet strekk seg òg inn i Polen, og begge land forvaltar det.

[endre] Klima

Kviterussland har eit fuktig kontinentalklima, som er mykje det same som klimaet i Litauen og nordlege delar av Ukraina. Vinteren er kald over heile landet, av og til iskald når kaldluft strøymer sørvestover frå Sibir, og snødekket ligg store delar av vinteren som varer mellom 105 og 145 dagar. Middeltemperaturen i januar er -6 ºC. Somarane er derimot milde, og av og til kan ein få varme dagar i juli og august. Middeltemperaturen i juli er omlag 18 ºC. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Den årlege nedbørsnormalen varierer mellom 550 og 700 mm.

[endre] Miljøproblem

Det mest vidgjetne forureiningsproblemet i Kviterussland er etterverknadane av Tsjernobylulukka 26. april 1986, då ein av reaktorane i eit atomkraftverk i Tsjernobyl i Ukraina eksploderte. Om lag 70 % av strålinga som vart kasta ut, vart ført med vinden til Kviterussland. Her påverka ho mist 25 % av landet, særleg i Homjel (Gomel på russisk) og Mahiljow (Mogiljov på russisk) i sør og søraust, og 22 % av folkesetnaden. Sjølv om meir enn to millionar menneske (inkludert 600 000 born) budde i område som vart påverka av det radioaktive nedfallet etter ulukka, prøvde den sovjetiske regjeringa å dekkje over ulukka før svenske forskarar pressa på for å få ei forklaring på uvanleg høge strålingsnivå frå atmosfæren i Sverige.

Den kviterussiske regjeringa krevde minst 17 milliardar rublar av den sovjetiske regjeringa for å takle konsekvensane, men fekk berre 3 milliardar rublar. I følgje ein funksjonær i 1993 vart det brukt ein kopek per innbyggjar i Russland, tre kopek i Ukraina, og ein rubel (100 kopek) i Kviterussland.

Trass i at regjeringa etablerte eit Tsjernobyl-utvalg, oppretta lover om kven som kunne halde seg i dei radioaktivt forureina områda, og ein institusjon som skulle forske på effektane, vart det gjort lite for å handsame konsekvensane av ulukka på grunn av lite pengar og regjeringa si trege haldning. I 1994 var flyttinga av 170 000 innbyggjarar langt bak tidsskjemaet på grunn av dårleg økonomi. For å hjelpe offer etter Tsjernobyl, så hjalp ein vestleg organisasjon, The Know-How Fund, mange kviterussiske lækjarar med opplæring av dei siste teknikkane innan beinmargstransplantasjon.

Langtidseffektane etter ulukka inkluderar ein auke av forskjellige former for kreft og skadar på nyfødde born. Infisert vatn, buskap, landsbruksvarer og landområde er omfattande, og dei utbreidde våtmarksområda inneheld framleis store mengder stråling. Oppreinsking etter ulukka stod for 14 % av statsbudsjettet i 1995. Andre miljøproblem er mellom anna omfattande kjemisk forureining av jordsmonnet, og industriell forureining har ein i så godt som alle større byar.

Naturfarar
Ingen
Miljøskadar
  • Forureina jordsmonn på grunn av stor bruk av sprøytemiddel.
  • Den søraustlege delen av landet er radioaktivt forureina av Tsjernobylulukka, som fekk om lag 60 % av det totalle nedfallet. Det er ikkje lenger mogeleg med busetndar i store område av Homjel og Mahiljow voblast. Om lag 7 000 km² vart forureina av cesium-137 med nivå opp til 15 curie (550 gigabecquerel) per kvadratkilometer. I 1996 utgjorde områda som var forureina med meir enn 1 Ci/km² (37 GBq/km²) av cesium-137 om lag 21 % av det totale arealet i landet (berre 1 % minke sidan 1986), og i 2002 budde framleis 1,5 millionar menneske i desse områda.
Internasjonale miljøavtalar
  • Medlem av avtalar som omhandlar: Luftforureining, utslepp av nitrogenoksid i atmosfæren, utslepp av svovel 85, biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyreartar, miljøomforming, miljøfarleg avfall, utslepp av miljøfarleg avfall i vatn, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde
  • Signert, men ikkje stadfesta: Havrett

[endre] Areal og grenser

Areal
  • Totalt: 207 600 km²
Landegrenser
Kystlinje
0 km (omgitt av land)
Høgder

[endre] Naturressursar og arealbruk

Naturressursar
Skogar, torv, små mengder olje og naturgass, granitt, dolomitt kalkstein, mergel, kalk, sand, grus, leire.
Arealbruk
  • Dyrkande jord: 29 %
  • Permanente avlingar: 1 %
  • Permanente beite: 15 %
  • Skogområde: 34 %
  • Andre: 21 % (1993 estimat)
Irrigert land
1 150 km² (1998 estimat)
Vassressursar
Om lag 20 000 elvar og bekkar, med ei total lengd på 91 000 km, og om lag 11 000 innsjøar og vatn, inkludert 470 innsjøar med areal på minst 0,5 km² kvar. Narots er den største innsjøen (79,2 km², 25 meter djup på det djupaste).

[endre] Kjelde


[endre] Lenkjer ut


Europeisk geografi
AlbaniaAndorraArmeniaAusterrikeAserbajdsjan2BelgiaBosnia-HerzegovinaBulgariaDanmarkEstlandFinlandFrankrikeGeorgia1HellasIrlandIslandItaliaKasakhstan1KroatiaKviterusslandKypros2LatviaLiechtensteinLitauenLuxembourgRepublikken MakedoniaMaltaMoldovaMonacoMontenegroNederlandNoregPolen • Portugal • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania • Storbritannia • Sveits • Sverige • Tsjekkia• Tyrkia1Tyskland • Ukraina • Ungarn
Biland, sjølvstyre og andre landområde

Abkhasia1Adsjaria1 • Akrotiri og Dhekelia • FærøyaneGibraltarGuernseyKrimIsle of ManJerseyKosovoNagorno-Karabakh1 • Nakhitsjevan1Åland

1Har større område i Asia. 2Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -