Kosovo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kosova | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Offisielle språk | Albansk, Serbisk | ||||||
Hovudstad | Priština | ||||||
Styresett |
Republikk Fatmir Sejdiu Hashim Thaçi |
||||||
Flatevidd - Totalt |
10 887 km² |
||||||
Folketal - Estimert (2007) - Tettleik |
2 126 708 195,3/km² |
||||||
Protektorat under NATO. Erklært sjølvstende - Dato |
Frå Serbia 17. februar 2008 |
||||||
BNP - Totalt (2006) - Per innbyggjar |
mrd. USD (.) USD (.) |
||||||
Valuta | euro | ||||||
Tidssone | UTC+1
|
||||||
Internasjonal telefonkode | +381 | ||||||
Nasjonale toppdomene | .rs/.yu
|
Kosovo (albansk Kosovë/Kosova, serbisk Косово и Метохија/Kosovo i Metohija) er ein delvis internasjonalt godkjent republikk i Søraust-Europa. Etter at internasjonale forhandlingar om den konstitusjonelle statusen i Kosovo ikkje vann fram, erklærte parlamentet sjølvstende frå Serbia den 17. februar 2008. Fleire land, mellom anna Noreg, USA og dei største EU-landa, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Italia har anerkjent Kosovo sitt sjølvstende. Serbia har støtte frå mellom anna Russland, Spania og Hellas i å rekna Kosovo som del av Serbia. Kosovo har sidan 1999 vore eit protektorat under NATO og SN-administrasjon.
Kosovo grenser til Montenegro i nordvest, til Albania i vest, Makedonia i sør og Serbia i nord og aust. Området har like over to millionar innbyggjarar, hovudsakleg etniske albanarar, men òg minoritetar av tyrkarar, serbarar, sigøynarar, goranarar og bosnjakar. Priština er hovudstad og største by.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Kosovo har eit areal på 10 887 km²[1] og om lag to millionar innbyggjarar. Dei største byane er hovudstaden Priština med om lag 600 000 innbyggjarar, Prizren i sørvest med om lag 165 000 innbyggjarar, Peć i vest med 154 000 innbyggjarar og Kosovska Mitrovica i nord med 110 000 innbyggjarar. Fem andre byar har om lag 100 000 innbyggjarar.
Kosovo har eit kontinentalklima med varme somrar og kalde, snørike vintrar.
Det er to store sletter i Kosovo. Metohija ligg vest i Kosovo, og Kosovosletta ligg i aust.
Mykje av Kosovo er fjellkledd. Fjella Šar Planina ligg i sør og søraust ved grensa til Makedonia. Dette er eit av dei mest populære turistområda i Kosovo med fleire skistader og Brezovica og Prevalac som dei største turistbyane. Det høgaste fjellet i Kosovo er Đeravica på 2 656 meter over havet og ligg i sørvest på grensa til Montenegro og Albania.
Fjellet Kopaonik ligg i nord. Den sentrale regionen Drenica, Carraleva og den austlege delen av Kosovo, kalla Golak, er stort sett åslendte.
Det er fleire store elva og innsjøar i Kosovo. Dei største elvane er Kvite Drin, som munnar ut i Adriahavet, sideelva hennar Erenik, Sitnica, Morava i Golak-område og Ibar i nord. Dei største innsjøane er Gazivoda (380 millionar m³) i nordvest, Radonic (113 millionar m³) i sørvest, Batlava (40 millionar m³) og Badovac (26 millionar m³) i nordaust.
[endre] Galleri
«Bregu i Diellit» - kjøpesenter i Priština |
Bregu i Diellit i Priština |
||
Grand Hotel i Priština |
Priština om natta |
||
«Pallati i Rinisë» i Priština |
[endre] Kjelder
- Deler av denne artikkelen bygger på «Kosovo» frå Engelsk Wikipedia, den 17. februar 2008.
[endre] Fotnotar
- ↑ Welcome to the Independent Commission for Mines and Minerals (ICMM), Kosovo. Independent Commission for Mines and Minerals.