Kontinental keltisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kontinental keltisk, eller Fastlandskeltiske språk utgjer den eine av dei to språkgreinene av den keltiske språkfamilien, den andre greina er dei øykeltiske språka. Dei fastlandskeltiske språka vart snakka på det europeiske kontinentet, og dei er alle døydd ut. Det eine keltiske språket som i dag blir snakka på fastlandet, bretonsk, er eit øykeltisk språk, det blir snakka av etterkommarar av britar som utvandra til fastlandet, i det fjerde hundreåret.
Sannsynlegvis var det for to tusen år sidan mange keltiske språk på det europeiske kontinentet. Vi har litt kjennskap til fire fastlandskeltiske språk:
- Gallisk i Frankrike
- Galatisk i vestlege delar av Tyrkia
- Lepontisk i Norditalia
- Keltoiberisk på den iberiske halvøya
Keltiske språk |
Q-keltisk: irsk | skotsk gælisk | mansk |
P-keltisk: walisisk | bretonsk | kornisk | cumbrisk | piktisk |
Kontinental keltisk: keltiberisk | galatisk | norisk | lepontisk |