Mansk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mansk (Gaelg, Gaelg Vanninagh, Gailck, Manx) |
||
Klassifisering: | Indoeuropeisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Storbritannia | |
Område: | Man | |
Mansktalande i alt: | ? | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Man | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | gv | |
ISO 639-2: | glv | |
ISO 639-3: | glv |
Mansk språk (Gaelg, Gaelg Vanninagh, Gailck, Manx) er eit keltisk språk som vert brukt på Man. Saman med irsk og skotsk gælisk er det i greina goideliske språk. Desse stammar alle frå mellomirsk. Den siste talaraen av mansk blir rekna å vere Ned Maddrell, som døydde i 1974, men mange har hatt mansk som andrespråk både før og etter 1974. I dag er det revitaliseringsarbeid for mansk på Man.
Mansk skilde seg frå irsk på 400-talet.
Mansk har offisiell status på Man, det blir brukt på tinget, nye lover må lesast opp både på mansk og engelsk før dei er rettskraftige. Det er også anerkjent som eit regionalt språk av det britiske-irske rådet.
[endre] Ortografi
Mansk ortografi representerer ikkje goidelisk etymologi, slik irsk eller skotsk gælisk gjør. Skriftspråket blir ofte skildra som eit forsøk frå ein engelsktalande på å skrive ned eit keltisk språk; mens det for ein engelsktalande person er umogleg å uttale irsk eller skotsk gælisk korrekt ut frå skriftbiletet utan å først å lære om uttalen, vil det vere mogleg for same person å gjøre seg forstått ved å lese opp mansk.
Årsaken til denne skilnaden er at mansk ikkje har vore eit skriftleg språk, mens irsk og skotsk gælisk har hatt ein rik litteratur gjennom mellomalderen og seinare. Normeringa av eit skriftspråk kom derfor seint, og normerarane valde medvite å bruke den engelske ortografien som mal. Jf. eksempelet Isle of Man, namnet blir uttalt omtrent likt i dei tre språka, men skrive ulikt:
- Irsk: Oileán Mhanainn
- Skotsk: Eilean Mhanainn
- Mansk: Ellan Vannin
I dei to første er det fleire vokalkombinasjonar som ser ut til å vere diftongar, men som er monoftongar der dei ekstra vokalane modifiserer uttalen gjennom avrunding eller tilspissing. Kombinasjonen mh er ein genitivskonstruksjon, der h blir lagt til m; kombinasjonen blir uttalt v.
Keltiske språk |
Q-keltisk: irsk | skotsk gælisk | mansk |
P-keltisk: walisisk | bretonsk | kornisk | cumbrisk | piktisk |
Kontinental keltisk: keltiberisk | galatisk | norisk | lepontisk |