Katowice
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Plassering | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Schlesiske voivodskap |
||||
Grunnlagd Byrettar |
1500-talet 1865 |
||||
Borgarmeister | Piotr Uszok | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
164,67 km² |
||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik - Storbyområde |
317 220 1926/km² 3 500 000 |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 266-352 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 40-001 til 40-999 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 32 | ||||
Bilnummer | SK | ||||
Nettstad: www.um.katowice.pl |
Katowice (tysk Kattowitz, tsjekkisk Katovice) er ein industriby i Schlesien i Polen, om lag 70 km. nordvest for Kraków. Han har om lag 320 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Polen ved elvane Kłodnica og Rawa (sideelva til Oder og Wisła). Katowice ligg i Det schlesiske høglandet, om lag 50 km frå Dei schlesiske Beskidane (ein del av Karpatane) og om lag 100 km frå Sudetane.
Katowice har vore hovudstad i Schlesiske voivodskap sidan 1999. Tidlegare var han hovudstad i Katowice-voivodskapet og før det igjen i Det autonome schlesiske voivodskapet. Katowice er den største byen i det øvre schlesiske indistruområdet og det sentrale Øvre Schlesiske Storbyområde, som inneheld 3,5 millionar innbyggjarar.
[endre] Historie
Den dåverande preussiske byen fekk byrettar i 1865, og tilhøyrde landkrinsen Beuthen i regjeringsdistriktet Oppeln. I 1873 vart den sete for den nye landkretsen Kattowitz og vart i 1899 ein eigen bykrins. Sjølv om fleirtalet i byen (85 %) røysta for å framleis vere tysk ved folkerøystinga 21. mars 1921 vart byen innlemma i Polen. Den vart igjen innlemma i Tyskland i 1939 og på nytt innlemma i Polen i 1945. Mesteparten av den tyske folkesetnaden vart då brutalt fordrive. Mellom 1953 og 1956 vart byen kalla Stalinogród («Stalinbyen»).
Byen har etter Opole (Oppeln) den største tyske minoriteten i dagens Polen.
[endre] Personar
- Willy Fritsch (*1901), tysk skodespelar
- Georg Thomalla (*1915), tysk skodespelar
- Hanna Schygulla (*1943), tysk skodespelar
- Henryk M. Broder (*1946), polsk journalist
- Dariusz Wosz (*1969), polsk fotballspelar
- Maria Goeppert-Mayer, tysk fysikar og Nobelprisvinnar