Jonsok
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonsok, òg kalla Sankthans, Jonsvaka eller Jonsmesse er den 24. juni. Ved jonsok er det vanleg mange stader i Nord-Europa å feire midtsommar. Mange stadar vert det brent bål på jonsokaftan den 23. juni. På primstaven er jonsok gjerne merka av med ei krune, ein kross, ein ljå eller eit tre.
Namnet Jonsok kjem av det norrøne jónsvaka, av Jon, som er ei forkorting av Johannes. St. Hans er ei forkorting av Sankt Johannes' dag. I den katolske kyrkja er den 24. juni minnedag for Johannes døyparen.
[endre] Opphav og utvikling
På same måte som jul er midtsommarfesten ein gammal heidensk tradisjon. Han blei feira med leik, dans, drikk og ulike skikker med heidensk opphav. Rundt reformasjonen på 1500-talet gjorde kyrkjer og styresmakter mykje for å stoppa det dei såg på som ei umoralsk feiring. Tradisjonen blei noko svekka i land som Danmark-Norge og Storbritannia, men heldt seg betre i Sverige, Finland, Estland og Latvia.
I Noreg var Jonsokdagen offentleg heilagdag etter Kristian den femtes norske lov, under namnet St. Hans Babtistæ Dag. I kyrkjene vart det preika over Evangeliet etter Lukas, 1. kapittel versa 57 - 79 Johannes vert fødd og Sakarjas lovsong. Dette vart oppheva frå 1771 ved Festdagsreduksjonen, men nokre stader i Noreg, mellom anna i Vestfold, har Jonsokdagen vore fridag opp til våre dagar.