John F. Nash Jr.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|
|
|
|
|
2007: Hurwicz, Maskin, Myerson |
2006: Phelps |
2005: Aumann, Schelling |
2004: Kydland, Prescott |
2003: Engle, Granger |
2002: Kahneman, Smith |
2001: Akerlof, Spence, Stiglitz |
2000: Heckman, Mcfadden |
1999: Mundell |
1998: Sen |
1997: Merton, Scholes |
1996: Mirrlees, Vickrey |
1995: Lucas |
1994: Selten, Nash, Harsanyi |
1993: Fogel, North |
1992: Becker |
1991: Coase |
1990: Markowitz, Miller, Sharpe |
1989: Haavelmo |
1988: Allais |
1987: Solow |
1986: Buchanan |
1985: Modigliani |
1984: Stone |
1983: Debreu |
1982: Stigler |
1981: Tobin |
1980: Klein |
1979: Schultz, Lewis |
1978: Simon |
1977: Ohlin, Meade |
1976: Friedman |
1975: Kantorovich, Koopmans |
1974: Myrdal, Hayek |
1973: Leontief |
1972: Hicks, Arrow |
1971: Kuznetz |
1970: Samuelson |
1969: Frisch, Tinbergen |
John F. Nash Jr. (John Forbes Nash Jr.), fødd 13. juni 1928 i Bluefield i West Virginia, er ein amerikansk matematikar som blir sett på som ein av dei største på 1900-talet. For det banebrytande arbeidet sitt innan spelteori på 1950-talet, fekk han Nobelprisen i økonomi i 1994 saman med to andre forskarar. Filmen Eit vakkert sinn (engelsk: A Beautiful Mind) byggjer på livet til Nash.
Nash, ganske nyleg gift og pressa av krava sine til seg sjølv, fekk etter eit psykisk samanbrot i 1958 diagnosen som paranoid schizofrenisk. Mellom 1966 og 1996 gav han ikkje ut nye arbeid i det heile tatt, som ein følgje av sjukdommen. Far til Nash leid av same sjukdommen.
Da han var 16 år, vart han tildelt eit stipend og begynte å studere ved det daverande Carnegie Institute of Technology i Pittsburgh (noverande Carnegie Mellon University). Etter å ha teke mastereksamenen som 19-åring, gjekk han vidare til Princeton University der han fekk doktorgraden i matematikk 21 år gammal. Han vart så tilsett som professor ved MIT i Cambridge, Massachusetts.
Innanfor matematikken var Nash interessert i alt, men han var ein utprega konkurranseretta elitist og søkte etter dei største og beste resultata. Til spesialområda hans høyrde spelteori, diofantiske likningar, kvantemekanikk og relativitetsteori.