James Tobin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|
|
|
|
|
2007: Hurwicz, Maskin, Myerson |
2006: Phelps |
2005: Aumann, Schelling |
2004: Kydland, Prescott |
2003: Engle, Granger |
2002: Kahneman, Smith |
2001: Akerlof, Spence, Stiglitz |
2000: Heckman, Mcfadden |
1999: Mundell |
1998: Sen |
1997: Merton, Scholes |
1996: Mirrlees, Vickrey |
1995: Lucas |
1994: Selten, Nash, Harsanyi |
1993: Fogel, North |
1992: Becker |
1991: Coase |
1990: Markowitz, Miller, Sharpe |
1989: Haavelmo |
1988: Allais |
1987: Solow |
1986: Buchanan |
1985: Modigliani |
1984: Stone |
1983: Debreu |
1982: Stigler |
1981: Tobin |
1980: Klein |
1979: Schultz, Lewis |
1978: Simon |
1977: Ohlin, Meade |
1976: Friedman |
1975: Kantorovich, Koopmans |
1974: Myrdal, Hayek |
1973: Leontief |
1972: Hicks, Arrow |
1971: Kuznetz |
1970: Samuelson |
1969: Frisch, Tinbergen |
James Tobin (5. mars 1918–11. mars 2002) var ein USA-amerikansk økonom.
Tobin vart fødd i Champaign i Illinois. Han vart uteksaminert frå Harvard University, arbeidde som økonomisk rådgjevar for regjeringa til John F. Kennedy, og underviste i mange år ved Yale University. I 1981 fekk han Nobelprisen i økonomi for forskninga si på finansmarknadene.
Tobin talde for og utvikla ideane i keynesiansk økonomi. Han meinte at styresmaktene burde gripe inn i økonomien for å halde sysselsetjinga og produksjonen stabil, og for å hindre resesjonar.
Namnet til James Tobin er særleg knytta til omgrepa Tobins Q og "Tobin-skatten". Det sistnemnde er ein skatt på valutatransaksjonar for å gjera kapitalen mindre mobil. ATTAC og andre anti-globaliseringsrørsler er sterke forkjemparar for ein slik skatt, sjølv om deira versjon av skatten er ein del endra i forhold til framlegget frå Tobin.