Jellicoe Channel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jellicoe Channel er eit av tre sund som bind saman Haurakigolfen med Stillehavet nordaust for Auckland på New Zealand. Det er det vestlegaste sundet, og det ligg mellom Cape Rodney på Halvøya North Auckland Peninsula og øya Hauturu/Little Barrier Island.
Dei to andre sunda er Cradock Channel og Colville Channel.