See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Je t'aime… moi non plus - Wikipedia

Je t'aime… moi non plus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

- Je t'aime je t'aime
Oh oui je t'aime
- Moi non plus
- Oh mon amour
- Comme la vague irrésolue

«Je t'aime… moi non plus»
- Serge Gainsbourg (1968)

«Je t'aime...moi non plus» (fransk for «Eg elskar deg... heller ikkje eg») er ein fransk song skriven av Serge Gainsbourg, arrangert av Arthur Greenslade og sunge av Gainsbourg og kjærasten hans Jane Birkin frå 1969.

Songen vart opphavlege skrive for og spelt inn i lag med Gainsbourg sin dåverande kjæraste Brigitte Bardot i 1968. Bardot ba derimot Gainsbourg instendig om å ikkje gje ut songen, noko han heller ikkje gjorde.[1] Same året møtte Gainsbourg og vart forelska i den engelske skodespelerinna Jane Birkin på settet til filmen deira Slogan. «Je t'aime... moi non plus» vart spelt inn igjen med Birkin på vokal i staden for Bardot og gjeve ut på singel og på albumet Jane Birkin/Serge Gainsbourg tidleg i 1969

Innhaldsliste

[endre] Tekst

Teksten er skriven som ein oppdikta dialog mellom to elskarar under eit seksuelt møte. Av tekstlinjer frå songen finn ein:

  • «Je vais et je viens, entre tes reins» («Eg kjem og eg går, inn mellom hoftene dine» - reins tyder eigentleg nyre på fransk eller nedre del av ryggen.)
  • «Tu es la vague, moi l'île nue» («Du er bølgja, eg er den nakne øya»)
  • «L'amour physique est sans issue» («Fysisk kjærleik er ei blindgate»)

[endre] Kontrovers

Det sterkt erotiske temaet i songen var sterk kost på denne tida og songen vart nerklært støytande. Teksten refererer til tabuemne som sex utan kjærleik og vart framført med mykje pust og stønn og heile songen endar i ein simulert orgasme av Birkin. Han vart bannlyst frå radio i Italia, Polen, Spania og Storbritannia, og fordømt av Vatikanstaten i ei offentleg uttaling.

[endre] Suksess

Songen vart likevel ein stor kommersiell suksess i heile Europa, noko publisiteten rundt kontroversen truleg var delvis skuld i.

I Storbritannia vart songen opphavlege gjeve ut på Fontana, men etter at han nådde nummer to på listene trakk dei han tilbake frå sal. Gainsbourg inngjekk då ein ny avtale med det sjølvstendige selskapet Major Minor og singelen vart gjeve ut på nytt og nådde heilt til topps på den britiske singellista.[2]. Songen gjekk òg til topps i Noreg.

[endre] Ei utvald liste av innspelte versjonar

  • 1968 Serge Gainsbourg & Brigitte Bardot (ikkje gjeve ut før i 1986)
  • 1969 Serge Gainsbourg & Jane Birkin
  • 1971 Frankie Howerd & June Whitfield som «Up Je t'aime», ein parodi
  • 1972 Hot Butter (instrumental, som «Love at First Sight»)
  • 1974 Abigail
  • 1975 Judge Dread
  • 1978 Giorgio Moroder & Donna Summer
  • 1981 Einstürzende Neubauten (som «Jet'm»)
  • 1986 Psychic TV
  • 1986 René & Yvette frå 'Allo 'Allo
  • 1992 Chayanne & Natalie som «Exxtasis»
  • 1993 Misty Oldland som «A Fair Affair»
  • 1995 Nick Cave & Anita Lane som «I love you...nor do I»
  • 1996 2Defy som «Je t'aime Moi Non Plus - Forever My Lady»
  • 1997 Cibo Matto
  • 1998 Pet Shop Boys & Sam Taylor-Wood
  • 1998 Bob Downe & Julian Clary
  • 2001 Sven Väth & Miss Kittin (elektronisk versjon)
  • 2003 Brian Molko & Asia Argento
  • 2004 The Ukulele Orchestra of Great Britain
  • 2006 Cat Power & Karen Elson (engelsk versjon)

[endre] Fotnotar

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -