See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Jane Birkin/Serge Gainsbourg - Wikipedia

Jane Birkin/Serge Gainsbourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jane Birkin/Serge Gainsbourg
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Utgjeve 1969
Innspelt Januar 1968 til 18. desember 1968
Sjanger Pop, easy listening
Lengd 28:37
Selskap Fontana
Produsent Jean-Claude Desmarty
Serge Gainsbourg-kronologi
Bonnie and Clyde
(1968)
Jane Birkin/Serge Gainsbourg Histoire de Melody Nelson
(1971)

Jane Birkin/Serge Gainsbourg er eit musikkalbum av den franske artisten Serge Gainsbourg og hans dåverande kjæraste Jane Birkin frå 1969. Dette er òg debutalbumet til Jane Birkin.

Det inneheld songen «Je t'aime... moi non plus» («Eg elskar deg...eg òg») som vart ein hit over heile verda og som er kjend for den seksuelle teksten og dei kvinnelege stønna av Birkin som endar i ein orgasme mot slutten av songen. Dette førte til segner om at songen var eit faktisk opptak av Gainsbourg og Birkin i kjønsleg omgang, men det ville vore særs vanskeleg å spele inn ein song på den måten. Songen var opphavlege spelt inn i lag med Brigitte Bardot året før, men ho ønskte ikkje at songen skulle kome ut. Gainsbourg spelte så songen inn på nytt att med Birkin og lagde så eit heilt album der han skreiv fleire songar for ho («Jane B.»), i tillegg til eigne innspelingar av songar han hadde laga for andre («Elisa» og «Les Sucettes»).

Ein annan song på albumet som hyllar den fysiske kjærleiken, og som òg er den einaste andre duetten på plata, er «69 année érotique» («Det erotiske året 69»). I tillegg til songar som hyllar den fysiske kjærleiken finns det òg meir mørkare songar som «Jane B.» som handlar om eit mord eller «Le Canari est sur le balcon» som handlar om ei jente som tar sjølvmord. «Sous le soleil exactement» vart opphavleg spelt inn for albumet og filmen Anna frå 1967, opphavleg sungen av Anna Karina frå Danmark. «Elisa» var opphavleg spelt inn for filmen L'Horizon frå 1967 og «Manon» for filmen Manon 70 frå 1968. «Les Sucettes» var ein song Gainsbourg opphavleg skreiv for France Gall i 1965, spelt inn på nytt av Gainsbourg for albumet. Songen skapte ein skandale i Frankrike då han kom ut med France Gall på grunn av dei tvetydige tekstane som kunne tolkast både som ei jente som likte kjærleik på pinne eller ei jente som syng om oralsex.

[endre] Innhald

Alle songar er av Gainsbourg bortsett frå «Elisa» der Michel Colombier var medlåtskrivar og «Jane B.» som er basert på Preludium nr. 4 i E moll (Op. 28) av Frédéric Chopin.

  1. «Je t'aime… moi non plus» - 4:23 - vokal av Jane Birkin og Serge Gainsbourg.
  2. «L'Anamour» - 2:17 - vokal av Gainsbourg.
  3. «Orang outan» - 2:28 - vokal av Birkin
  4. «Sous le soleil exactement» - 2:52 - vokal av Gainsbourg
  5. «18-39» - 2:39 - vokal av Birkin
  6. «69 année érotique» - 3:21 - vokal av Jane Birkin og Gainsbourg
  7. «Jane B.» - 3:09 - vokal av Birkin
  8. «Elisa» - 2:31 - vokal av Gainsbourg
  9. «Le Canari est sur le balcon» - 2:20 - vokal av Birkin
  10. «Les Sucettes» - 2:37 - vokal av Gainsbourg
  11. «Manon» - 2:41 - vokal av Gainsbourg.

Nokre utgåver av albumet har «Chanson de Slogan» i staden for «Je t'aime moi non plus», medan andre utgåver har songen som eit ekstra bonusspor.

[endre] Medverkande

  • Serge Gainsbourg - vokal
  • Jane Birkin - vokal
  • Arthur Greenslade - arrangering og dirigent
Serge Gainsbourg
Du chant à la une !Serge Gainsbourg N°2L'étonnant Serge GainsbourgSerge Gainsbourg N° 4Gainsbourg ConfidentielGainsbourg PercussionsAnnaBonnie & ClydeInitials B.B.Jane Birkin/Serge GainsbourgHistoire de Melody NelsonVu de l'ExtérieurRock Around the BunkerL'homme à tête de chouAux armes et cæteraMauvaises nouvelles des étoilesLove On The BeatYou're under arrest
Filmmusikk
Ce Sacré Grand-PèreCannabis
Konsertalbum
Enregistrement public au Théâtre Le PalaceSerge Gainsbourg liveLe Zénith de Gainsbourg
Tilknytta artiklar
Jane Birkin • Charlotte Gainsbourg • France Gall
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -