See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Heron av Alexandria - Wikipedia

Heron av Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heron av Alexandria på eit tresnitt frå 1688.
Heron av Alexandria på eit tresnitt frå 1688.
Eolipile (Heronkule).
Eolipile (Heronkule).
Rekonstruksjon av det vinddrevne orglet til Heron.
Rekonstruksjon av det vinddrevne orglet til Heron.

Heron von Alexandria (gresk Ήρων ο Αλεξανδρεύς), kjend som Mekanikus, var ein matematikarar og ingeniør som levde i Alexandria i antikken.

Det er noko usikkert når Heron levde, men truleg var det etter Arkimedes og før Pappos, så det må ha vore i tidsbolken 200 fvt. til år 300. Skriftene hans kan tyda på at han levde i det 1. hundreåret. Det han skreiv om måneformørkinga den 23. mars 62 tyder på at Heron sjølv observerte henne. I verket Dioptra nytta han ei måneformørking til å rekna ut avstanden mellom Roma og Alexandria[1]. Ut frå at han skreiv at det vart mørkt i Aleksandria i den 5. nattetimen, tyder på at det var måneformørkinga i år 62 han hadde observert.

Heron underviste ved Aleksandria Museion, som hadde eit overmåtleg turvande bibliotek, kjend som Biblioteket i Aleksandria. Fragment av arbeidet hans, truleg førelesningsnotat, syner at han arbeidde med mange ulike emne innan matematikk, optikk og mekanikk. Han er kjend for å ha laga automatiske, og delvis programmerbare, innretningar og for at han arbeidde med å henta energi frå vatn, vind og varme. Spesialt godt kjent er oppfinningane Eolipile (Heronkula) og Heronsbrunnen.

Matematikaren er òg kjend for Heronmetoden for å finna kvadratrøter og for Herons formel for å fina arealet av ein trekant ut frå kjennskap til lengdene av dei tre sidene, utan å kjenna vinklane mellom sidene. I ein serie med bøker, kalla «Metrika», prova han Heronformelen. Herons trekant er oppkalla etter han.

I boka Dioptra handsama Heron landmåling og skildra eit instrument, kalla «dioptra», som langt på veg svara til ein landmålarkikkert. For å måla lengre vegstrekningar nytta han eit odometer (kilometerhjul). For å måla avstandar til havs nytta han astronomiske metodar, som måneformørkingar. I boka Automata forklarte han han tilverking og bruk av dei ulike instrumenta sine. Til dømes er «automata» nummer 73 ein automatisk dampdriven tempeldøropnar, driven av ein eld på eit altar som stod framom eit tempel. Han utvikla maskiner for å generera musikk, eit automatisert teater med spesialeffektar, og så bortetter.

I boka Pneumatika[2] skildra han ein automat for «heilag vatn», som fungerte ved at ei treskive låg og flaut i eit kar med «heilag vatn». Når ein truande la ein mynt på treskiva vart vekta av mynten nytta til å punpa vatn gjennom eit metallrøyr, slik at gjevaren fekk ein skvett «heilag vatn» som takk for gåva.

Eolipile (Heronkula) var ei kule fyllt med vatn som vart koka på ein eld under kula, slik at det strauma damp ut or dyser på sida av kula og fekk ho til å rotera. Dette var ein dampdriven reaksjonsmotor og den fyrste kjende varmekraftmaskina i historia. Sjølv om ho truleg berre vart sett på som ein kurositet i samtida kan ho i ettertid sjåast på som eit steg på utviklinga mot dampturbinen. Men alt lenge før Heron skal egyptiske prestar i faraoane si teneste ha nytta dampsylindrar til å opna store tempeldører, men ingen dokument som provar dette har overlevd. Om dette stemmer ligg opphavet til dampmaskina i det gamle Egypt.

I verket Belopoeika var han oppteken med utvikling av våpenteknologi. I Cheirobalistra beskreiv han ein katapult som kunne skyta ut fleire pilar samstundes. Dette våpenet kan sjåast på som ein tidleg versjon av eit maskingevær. Uheldigvis har dette verket gått tapt.

Det kan vera underleg at Eolipile ikkje vart vidareutvikla til ei funksjonell dampmaskin/dampturbin. Likeeins kan ein undra seg over kvifor ingen såg nytteverdien i og vidareutvikla i det minste nokre av dei mange måleinstrumenta og automatiserte maskinane hans. Om det hadde skjedd ville kanskje ein tekniske sivilisasjon ha utvikla seg eit og eit halvt årtusen tidlegare.

[endre] Kjelder

  1. Neugebauer, O., Über eine Methode zur Distanzbestimmung Alexandria - Rom bei Heron I-II, Hist. Filol. Medd. Dan. Vid. Selsk. XXVI, bind 2, nr 7, 1938-1939.
  2. Heron, The pneumatics of Hero of Alexandria, engelsk omsetting av Woodcraft, B., Taylor Walron and Maberly, 1851.
  • Heron of Alexandria, The MacTutor history of mathematics archive, School of Mathematics and Statistics, University of St Andrews, Scotland. (vitja 23/4-2008)

[endre] Bakgrunnstoff

Commons har multimedia som gjeld: Heron av Alexandria


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -