Harold Pinter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harold Pinter (fødd 10. oktober 1930) er ein britisk forfattar (dramatikar), regissør og skodespelar.
Pinter har skrive kring tretti skodespel, tjue filmmanus, og har vore ansvarleg for oppsettinga av om lag 30 teaterstykke. Mellom dei mest kjende teterstykka er The Birthday Party, The Dumb Waiter (Stumtjenaren), The Caretaker, The Homecoming og Betrayal.
Dramatikken til Pinter handlar ofte om ofte kommunikasjon eller fråver av kommunikasjon i mellommenneskelege relasjonar. Tilhøvet mellom kvinner og menn er eit vanleg tema, og ofte tilhøvet mellom menn. Pinter har vorte tolka innan feministisk forsking, som for eksempel i Pinter's Female Portraits (Elizabeth Sakellaridou, 1988).
Pinter er mellom anna vorte tildelt Shakespeare Prize (Hamburg), European Prize for Literature (Wien), Moliere D'Honneur for Lifetime Achievement og i 2005 Nobelprisen i litteratur.