Hans Nielsen Hauge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg filmen Hans Nielsen Hauge
Kristendommen |
Treeininga |
Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | unitarisme |
Geistlege |
|
Viktige personar |
Nye testamentet: |
Hans Nielsen Hauge (1771–1824) frå Tune i Østfold var ein lekpredikant og stiftaren og leiaren av «haugerørsla».
Når han var 25 år fekk han sitt «åndelege gjennombrot». Ein dag han var ute på åkeren og pløgde følte han, som han sa sjølv at «Guds kjærleik besøkte han». Etter dette byrja han som predikant. Han fokuserte på ei lære om det personlege gudsforhold og ein nøktern og arbeidssam livsførsel. I åra frå 1797 til 1804 gjekk han frå stad til stad, og medan han gjekk, strikka han.
På dei gardane han fekk husrom hjalp han til litt og samla dei som budde på garden og nabogardane til andakt. Dette var eigentleg ikkje lovleg. Dette var på grunn av «konventikkelplakaten» frå 1741, som forbaud lekfolk å halde oppbyggjelege møte utan godkjenning frå soknepresten. Han vart gjentekne gonger arrestert, på det meste ti gonger på sju år. I 1804 vart det reist ei stor og omfattande sak mot han, og han sat til slutt i fengsel fram til 1811 og måtte betale ei bot på 1000 riksdalar. Etter dette slutta han med reiseverksemda, men i 1813 vart han dømd til to års slaveri.
I dei 18 åra han var predikant og utanfor fengselet, ga han ut 33 bøker. I tillegg hjalp han folk med å drive handel og industriføretak. Ein kan seie at kristendomssynet til Hauge var pietistisk, men han la større vekt på å tene Gud med praktisk arbeid enn pietismen tradisjonelt gjorde.