See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Hallingdal - Wikipedia

Hallingdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hallingdal er eit av de store dalføra på Austlandet. Det er V-forma og fell om lag saman med Hallingdalsvassdraget.

Dalføret strekkjer seg nordover, frå nordenden av innsjøen Krøderen, gjennom dei nordaustlege og nordlege delane av Buskerud fylke, og er omgjeve av høge fjell på begge sider. Gjennom dalen går Rv7. I nord deler dalen seg i to dalføre, eit som utgjer sidedalen Hemsedal, og eit som deler seg oppatt ved Holet. Det eine dalføret går mot Geiteryggen og Aurland, det andre, Ustedalen, går vestetter mot Finse. Bergensbanen følgjer denne dalen, der Geilo er største tettstaden.

Dalføret er ein økonomisk og kulturell region som omfattar kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol og har til saman 19 925 innbyggjarar (1. oktober 2007) og dekkjer eit område på 5830 kvadratkilometer.

Kommunane samarbeider i Hallingdal regionråd, og utgjer Hallingdal næringsregion (NHO). Området er rettsområdet for Hallingdal tingrett under Borgarting lagmannsrett, og virkeområde for Hallingdal prosti under Tunsberg bispedømme. Distriktet utgjorde tidlegare Hallingdalens fogderi.

Dalen har vore prega av smågardar, seterdrift og et karrig jordsmonn, der ull, melkeprodukt og kjøttproduksjonen har vore hovudnæringar gjennom hundreåra. Fiske har vore tradisjonell matauk i dei mange fjellvatna. Hallingane har og vore aktive handelsfolk, og det har vore mykje fedrift gjennom dalen, mellom Lærdal og Drammen. Dette ferdsla var i si tid ei viktig ekstra inntekt for bøndene i øvre Hallingdal.

Sidan 1960-talet har dalen hatt ein eksplosiv utvikling i turisme og hyttebygging. Dalen har òg fleire store og små hotell, både nede i dalen og oppe på fjellet.

[endre] Historie

Tradsjonelt har dei nordvestlege områda i dalen vore nært knytt til Vestlandet, spesielt i tida før Bergensbanen vart lagt gjennom dalen. Dei sentrale og sørlege delane har derimot vore nærare knytt til Austlandet, spesielt Ringerike, noko som vart forsterka då Bergensbanen opna.

Juridisk sorterte Hallingdal opphavleg under Gulatinget og høyrte til Stavanger bispedømme, men etter makeskifte mellom bispane i Stavanger og Oslo, datert 10. april 1631, vart dåverande Hallingdal og Valdres prosti lagt inn under Oslo bispedømme og slik Oslo lagdømme juridisk. Då Hamar bispedømme gjenoppstod i 1864 vart derimot Hallingdal og Valdres delt, i det Valdres vart lagt til Hamar og Hallingdal framleis som eit geistlig distrikt under Oslo, der Ringerike og Hallingdal prosti vart oppretta. Desse vart derimot skilt i to prosti frå 1914, da Hallingdal prosti vart oppretta som eige prosti. Prostiet kom inn under Tunsberg bispedømme då dette vart oppretta i 1948, etter eit Odelstingvedtak den 24. november 1947.

Prostesetet ligg i Ål prestegjeld, der Ål kyrkje er hovudkyrkje og sokneprest Øystein Magelssen er prost.

[endre] Område

Det finst i Hallingdal mange kjente hytteområde, særleg nær dei store skianlegga, som;

  • Geilo
    • Kikut
    • Havsdalen
    • Holsåsen
  • Ål
    • Bergsjø
    • Skarslia
    • Votndalsåsen, nær Reineskarvet
    • Liatoppen
    • Sangefjell
  • Gol
    • Golsfjellet
  • Hemsedal
    • Holdeskaret, nær Hemsedal Skisenter
    • Grøndalen
    • Skarsnuten
  • Nesbyen
    • Natten
    • Myking
    • Bøgaset
    • Nystølen
  • Flå
    • Vassfarfjellet
    • Høgevarde, nær Norefjell Skisenter
    • Reinssjøfjell

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -