Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ål er ein kommune i Buskerud fylke. Kommunen grensar i nord til Lærdal og Hemsedal, i aust til Gol og Nes, i sør til Nore og Uvdal, og i vest til Hol.
Ål er ei middels stor kommune i dalstroka i Sør-Noreg, og består av bygdene Vats, Leveld, Votndalen, Torpo, Uppheim, Kvinnegardslia, Øvre-Ål, Sundre, Breie og Strand. Ved sidan av tenesteyting og handel er det mange verksemder innan bygg og anlegg, reiselivsverksemd og landbruk. Ål er ikkje ein så utprega turiststad som Geilo, Gol og Hemsedal. Det er mest berre langsmed dalbotnane, og i solsida det er busetnad, det meste av kommunen er urørt fjell med spreidde stølar og hytter. Nokre få hotell og eit enkelt alpinanlegg. Flott turterreng, sumar som vinter. Mange preparerte skiløyper. Stort kulturhus med kino. Regionalt avdelingssjukehus med base for luftambulansen i indre Sør-Noreg. Vidaregåande skule med yrkesfagleg studieretningar. Stabilt folketal og liten arbeidsløyse. Kommunen har generelt god økonomi.
[endre] Bakgrunnsstoff