Gudinna Frøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg øya og kommunen Frøya i Sør-Trøndelag.
Frøya (norr. Freyja) var kjærleiksgudinna i norrøn mytologi. Ho var den viktigaste vanegudinna og blei derfor også kalla Vanadis. Namnet til Frøya tyder herskarinne, og ho har fleire likskapar med Frigg, noko som kan tyda på at dei faktisk var same gudinne. Av namnet hennar Frøya finn ein avleiinga frue.
Ho skal òg ha vore den som lærte menneska å utføra seid, det vil seia evna til å sjå framover og bakover i tid for den sjamanaktige kultleiaren. Dette hadde ho til felles med Odin, og liksom han krevde også Frøya offer frå tilbedarane sine.
Innhaldsliste |
[endre] Mytologisk historie
Etter krigen mellom æsene og vanene kom Frøya saman med far sin Njord og tvillingbror sin Frøy til Åsgard og blei deretter rekna som æser, Frøya som ei åsynje. I typisk vanetradisjon var Frøya gift med bror sin, men ho hadde òg andre makar. Den viktigaste av desse var Od, som kanskje er eit anna namn for Odin. Då han forlet henne gret Frøya gylne tårer over den tapte elskaren sin, noko som òg kan sjåast som eit symbol på regn og grøden det gjer.
Loke kallar henne alle gudars og alvars elskarinne, medan jotnen Hyndla påstår at ho er i lag med bukkar om nettene. Sikkert er det at mange mytologiske skapningar gjerne ville ha Frøya. Fire dvergar gav henne det kostelege smykket Brisingamen mot å få ei natt kvar med Frøya, og jotnen Trym stal hammaren til Tor for å kunne gifta seg med henne.
Men Frøya var ikkje berre kjærleik. Ho tok òg imot halvparten av krigarane som fall i kamp i hallen sin, Sessrúmnir i Folkvang. Den andre halvparten drog til Odin i Valhall.
[endre] Eigedelar
- Smykket Brisingamen
- Grisen Hildisvin
- Ei vogn dregen av kattar
- Ein fjørham som kunne gjera beraren om til ein falk (brukt av Loke i Trymskvida)
[endre] Andre namn på Frøya
- Gefn, gjevaren (sjå òg Gefjon)
- Syr, sugge
- Menglød, "den halssmykkeglade" (Fjølsvinnsmal)
- Mardøll, eit namn som knytter henne til havet (mar)
- Hørn, ho som verner
- Vanadis, vanegudinna
- Skjolv
- Hyndla
[endre] Skrifter Frøya er nemnd i
- Snorre Sturlason: Den yngre Edda
- Den eldre Edda: Grimnesmal, Lokasenna, Trymskvida, Hyndluljod
- Flateyjarbók (Flatøyboka)
[endre] Astronomi
Frøya har kalla opp objekt og formasjonar i solsystemet:
- Asteroiden 240 Vanadis
- Fjellkjeden Freyja Montes på Venus