Gammalprøyssarane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Historia til Brandenburg og Preussen |
|||
Nordmark før 1100-talet |
Gammalprøyssarane før 1200-talet |
||
Markgrevskapet Brandenburg 1157–1618 (1806) |
Ordensstaat 1224–1525 |
||
Hertugdømet Preussen 1525–1618 |
Det kongelege (polske) Preussen 1466–1772 |
||
Brandenburg-Preussen 1618–1701 |
|||
Kongedøme i Preussen 1701–1772 |
|||
Kongedømet Preussen 1772–1918 |
|||
Fristaten Preussen 1918–1947 |
|||
Brandenburg 1947–1952 / 1990– |
- Sjå òg Preussen
Gammalprøyssarane eller baltiske prøyssarar (tysk Pruzzen eller Prußen; latinsk Pruteni; latvisk Prūši; litauisk Prūsai; polsk Prusowie) var ei folkegruppe av baltiske stammer busett i Preussen, landområdet søraust for Austersjøen i området rundt Wisłalagunen og Den kuriske bukta. Dei talte ei språk som i dag vert kalla gammalprøyssisk og følgde ein religion som lærde i dag meiner var nært knytt til litauisk heidenskap med gudar som Perkūnas. På 1200-talet vart gammalprøyssarane erobra av Den tyske riddarordenen og gradvis germanisert i løpet av dei neste hundreåra. Den tidlegare tyske staten Preussen fekk namnet sitt frå denne folkegruppa, sjølv om staten vart styrt av tyskarar som hadde assimiliert gammalprøyssarane. Det gammalprøyssiske språket var ikkje lenger i bruk på 1600-talet.[1]
Landområda til gammalprøyssarane utgjorde om lag sentrale og sørlege delar av Aust-Preussen, dagens Ermelandskmasuriske voivodskap i Polen, Kaliningrad oblast i Russland og den sørlege Klaipėda-regionen i Litauen.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Old Prussians» frå Engelsk Wikipedia, den 7. juni 2008.
- Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
- ↑ Encyclopædia Britannica om 'Old Prussian language'
[endre] Bakgrunnsstoff
- M. Gimbuta si bok om baltarar med kart
- 1584 Tysk kart over Preussen
- Nordaust-Preussen
- Milepælar i prøyssisk historie