See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Game Boy-serien - Wikipedia

Game Boy-serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Game Boy er ein serie handheldte spelekonsollar laga av det japanske føretaket Nintendo. Game Boy er òg namnet på den fyrste maskina i denne serien.

Innhaldsliste

[endre] Versjonar

Sidan offentleggjeringa i 1989, gjekk den opprinnelege Game Boy-konsollen igjennom fleire designiterasjonar utan særleg forandring i reknekraft.

Nedanfor vert dei forskjellige versjonane i Game Boy serien vist:

[endre] Game Boy

Tekniske spesifikasjonar
Den opprinnelege Game Boyen vart slept den 21. april 1989 i Japan og i august 1989 i USA. Den kom til Norge om høsten året etter. Den var basert på ein Z80 prosessor, hadde ein liten svart og grønn reflektiv LCD-skjerm, en åttevegs styreknapp og to handlingsknappar. Den spelte spel fra ROM-baserte media i små utskiftbare plastikkeniningar kalt kassettar.

Tetris var ein sterk medvirkande årsak til konsollens suksess.

I byrjinga var konsollen kun tilgjengeleg i en nøytral gråfarge, men seinare slapp Nintendo modellar i mange ulike fargar i 1995, og reklamerte for dei med ein Play It Loud!-kampanje (spel høgt).

  • CPU: Tilpassa 8-bits Sharp Z80 som køyrer på 4,194304 MHz (den har eit noko ulikt instruksjonssett en ein standard Z80 og integrert lydgenerering)
  • RAM: 8 KB intern S-RAM
  • ROM : 256 Kb, 512 Kb, 1 Mb, 2 Mb, 4 Mb og 8 Mb kassettar
  • Video RAM: 8 KB internt
  • Lyd: 4 kanalars stereo lyd. Spelekonsollen har bare en høgtalar, men bruk av øyrepluggar gjev stereolyd
  • Skjerm: Reflektiv LCD, 160 x 144 pikslar
  • Skjermstørrelse: 66 mm (2.6 tommer) diagonalt
  • Fargepalett:
    • Game Boy: 4 nyansar av «grå» (grøn til svart)
    • Game Boy Pocket: 4 gråtonar
  • Kommunikasjon: Opptil fire Game Boy konsollar kan koplast saman via seriellportar
  • Strøm:
    • Game Boy: 6 V, 0.7 W, 4 AA batteriar – rekker til ca 35 timar
    • Game Boy Pocket: 2 AAA batterier – rekker til ca 10 timar)
    • Game Boy Light: 2 AA batterier – rekker til ca 20 timar med lyset av og 12 timar med lyset på

[endre] Game Boy Pocket

Game Boy Pocket var ei utgåve somNintendo slapp i 1996. Dette var ein mindre og lettare konsoll som krevde færre batteri. Den hadde plass til 2 stk AAA batteri som rakk til cirka ti timar med speling. Denne versjonen har ei mindre linkport og ein treng eit adapter for å kobla den saman med den eldre Game Boy-versjonen. Denne porttypen vart seinare nytta på alle framtidige Game Boy-modellar. Skjermen vart forandra til ekte svart-kvitt i staden for grønfargene som originalen nytta. Den første utgåva hadde ikkje LED-lampe for å vise strømnivået til batteriet, men dette vart seinare lagt til etter krav frå kundane.

[endre] Game Boy Light

Game Boy Light er kun tilgjengeleg i Japan. Den hadde cirka same størrelse som Pocket-versjonen og hadde opplyst skjerm for betre synlighet. Den nytta 2 stk. AA batteri som rakk til ca 20 timar med speling med lyset av og tolv timar med lyset på.

Denne modellen er den mest sjeldne modellen uteafor Japan, og på grunn av dette vert den ofte solgt for fleire gangar meir enn dei andre modellane.

[endre] Game Boy Color

Game Boy Color (også kalla GBC) vart sleppt i november 1999 og kom med fargeskjerm og en formfaktor som var noko større enn Game Boy Pocket. Den hadde og dobbelt så rask prosessor, dobbelt så mykje minne og en infraraud kommunikasjonsport. Ein av dei mest ettertrakta eigenskapane var bakoverkompabiliteten, altså at ein kunne nytte Game Boy kassettar laga for eldre utgåver. Dette vart ein hovudeigenskap til Game Boy-serien, som ved kvar ny-lansering fekk eit større spelbibliotek enn nokon av konkurrentane.

  • CPU: Z80 – kunne køyre på 4 og 8 MHz
  • RAM: 32 kbit (pluss 128 kbit på kassettane)
  • ROM: Kassettar på opp mot 64 Mbit vart produsert
  • Video RAM: 16 kbit
  • Lyd: 4 kanalars stereo
  • Skjerm: Reflektiv LCD, 160 x 144 pikslar
  • Fargepalett: 32 768 fargar; støtta 10, 32, eller 56 samtidige fargar på skjermen
  • Kommunikasjon:
    • Seriell: 512 kbit/s; opptil fire konsollar på same tida
    • Infrarød: Mindre enn to meter ved 45 grader
  • Strøm: 2 stk AA batteri som rekker til ca 13 timer. Også eit strømadapter var tilgjengeleg.

[endre] Game Boy Advance

Nintendo lanserte i 2001 en betydeleg oppgradering til Game Boy serien. Game Boy Advance (og omtala berre som GBA) har ein 32 bits 16.8 MHz ARM prosessor i tillegg til ein Z80 prosessor, for å kunne spele dei originale Game Boy spela. Den er teknisk på høgde med Super Nintendo og kjem med tekniske overlegne konverteringar av klassikarar som Super Mario Bros. i tillegg mange nye titlar.

  • CPU: Spesialtilplassa 32-bit 16,8 MHz ARM prosessor; inneheld og ein 8,4 MHz Z80-liknande prosessor
  • RAM: 32 Kbyte WRAM + 96 Kbyte VRAM i CPU og 256 Kbyte WRAM utanfor CPU
  • Skjerm: 240x160 pikslar (kan skifte til 160x144)
  • Skjermstørrelse:
    • Advance/SP: 2,9 tommar (40,8 mm x 61,2 mm)
    • Micro: 2 tommar
  • Fargepalett: 32 768 fargar
  • Kommunikasjon: Seriellport
  • Strøm:
    • Advance: To AA batterier, rekk til ca 15 timer
    • SP: Litium-batteri med 10 timar med speling med lys, 18 timer uten
    • Micro: Litium-batteri
  • Vekt:
    • Advance: 140 g
    • SP: 143 g
    • Micro: 85 g
  • Mål:
    • Advance: 82 mm høy x 144,5 mm bred x 24,5 mm dyp
    • SP: 84,6 mm høy x 82 mm bred x 24,3 mm dyp
    • Micro: 50,8 mm høy x 101,6 mm bred x 17,8 mm dyp
[endre] Game Boy Advance SP

SP-versjonen som vart lansert i mars 2003 hadde ein ny og mindre kamskjelldesign med ein skjerm som ein kunne flippe opp, internt forlys (ikkje baklys) og oppladbart batteri, men var ellers uforandra. SP står for Special (spesiell).

[endre] Game Boy Micro

Game Boy Micro er den tredje omforminga av Game Boy Advance. Den er 10,6 cm breid, 5,08 cm høg og 1,78 cm djup og veg 85 gram. Den har den skarpaste skjermen nokonsinne på ein Game Boy-maskin. Skjermen er noko mindre enn hjå SP og GBA, men har betre oppløysing. Den er derimot ikkje bakoverkompitabel med Game Boy eller Game Boy Color.

[endre] Nintendo DS

Nintendo DS vart lansert i USA den 21. november 2004 og den 2. desember 2004 i Japan. Det er ikkje vanleg at produkt frå Nintendo vert lansert i Nord-Amerika før Japan. Denne eninga er ikkje en del av Game Boy-serien, og Nintendo refererer til den som deira «third pillar» (tredje pilar); der konsollane er dera første pilar og Game Boy-serien med handheldte einingar er den tredje. Men den kan bli sett som ein del av deres bærbare familie grunna den strukturelle likheten til Game Boy og evna til å spele Game Boy Advance kassettar.

[endre] Neste generasjons Game Boy

Sidan det vart kjend at Nintendo DS ikkje var meint for å erstatte Game Boy Advance har det vore spekulasjonar om neste generasjon av håndholdte Game Boy. Det har vore eit rykte om at dette systemet skal kunne nytte små optiske diskar og ha noko bakoverkompabilitet.


[endre] Andre fakta

Denne Game Boy-maskina vart skada i et bombeåtak under Gulfkrigen i 1991, men fungerar framleis.
Denne Game Boy-maskina vart skada i et bombeåtak under Gulfkrigen i 1991, men fungerar framleis.
  • I Nintendo sitt store senter i New York, kjent som Nintendo World, vert det oppbevara ein Game Boy som vart skada under eit bombeåtak under Gulfkrigen. Dekslet smelta, men konsollen skal freamleis fungere.

[endre] Kjelder


Nintendo-konsollar
NES | SNES | Nintendo 64 | Nintendo GameCube | Wii

Handheldte: Game Boy | Game Boy Pocket | Game Boy Light |
Game Boy Color | Game Boy Advance | Game Boy Advance SP | Nintendo DS

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -