See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
CPU - Wikipedia

CPU

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein 33mhz Intel 486SX CPU
Ein 33mhz Intel 486SX CPU
Produksjonslokale for CPU må være 100% fri for støv
Produksjonslokale for CPU må være 100% fri for støv

Ein CPU (engelsk akronym for Central Processing Unit) er hovudrekne-/prosesseringseininga i ei datamaskin. Ho har normalt to logiske einingar: Éi eining for styring og éi eining for gjennomføring. Sidan midten på 1970-talet har dei fleste CPUar vore laga av integrert krets (éin eller fleire).

Ein CPU som er bygd av éin enkelt integrert krets vert kalla ein mikroprosessor. Verdas første mikroprosessor var 4-bit-prosessoren Intel 4004, lansert hausten 1971. Det tok fleire år før generelle datamaskiner brukte ein mikroprosessor som CPU. Mikroprosessorar vart i byrjinga berre teke i bruk i spesialutstyr som til dømes avanserte måleinstrument og i ekstrautstyr til større datamaskiner, slik som skjerm- og tastaturterminalar. Frå midten av 70-talet kom enkle hobby-datamaskiner og videospelkonsollar med 8-bit mikroprosessor. Etter dette gjekk det slag i slag med heimedatamaskinar, PC'ar og etter kvart tenarmaskiner.

[endre] Kjende CPU-versjonar

  • IBM System/360 – IBM sin stormaskin-familie frå 1964 og fram til i dag (via 370 og 390-familien)
  • Digital PDP-11 – 16-bit minidatamaskin som vart brukt til å utvikle den første UNIX-versjonen skreve i C
  • Nord-5 – Norsk Datas, og kanskje verdas første 32-bit minidatamaskin
  • Digital VAX – utbreidd minidatamaskin-arkitektur frå 1970- og 80-tallet
  • MOS Technologies 6502 – brukt i mellom anna Apple II, Commodore VIC-20 og Commodore 64
  • Zilog Z80 – brukt i bl.a. Osborne 1, Mycron 1000, Sinclair Spectrum, Amstrad CPC464, Tiki 100 og Nintendo Gameboy
  • Intel x86 – brukt i mellom anna Mycron 2000 og alle IBM-kompatible PCar; både Pentium og AMD Athlon er x86'ar
  • Motorola 68000 – brukt i mellom anna Apple Macintosh, Atari ST og Commodore Amiga
  • PowerPC – brukt i alt frå moderne Macintosh'ar (PowerMac) til Nintendo Gamecube videospel-konsollar

[endre] Forvitnelege fakta

  • I 1949 spådde bladet Popular Mechanics (heilt korrekt) at dataprosessorar i åra som kom, ville gjennomgå store forbetringar og bli stadig mindre. Dei skreiv:
    In the future computers will probably not weigh any more than 1.5 tons.
    (I framtida vil datamaskinar truleg ikkje vega meir enn 1,5 tonn.)


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -