See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Frøylandsvatnet - Wikipedia

Frøylandsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

: Sjå òg Frøylandsvatnet i Sandnes

Frøylandsvatnet
Frøylandsvatnet - Utsyn over Frøylandsvatnet. (Foto: Ranveig Thattai)
Utsyn over Frøylandsvatnet. (Foto: Ranveig Thattai)
Stad Klepp, Time (Rogaland)
Koordinatar 58°44′59″N 5°40′33″EKoordinatar: 58°44′59″N 5°40′33″E
Overflateareal 4,83 km²
Kystlengd1 24,10 km
Høgd over havet 24 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Frøylandsvatnet er ein innsjø i landskapet Jæren. Grensa mellom kommunane Klepp og Time i Rogaland fylke går gjennom vatnet. Tettstadene Bryne, Klepp stasjon og Kvernaland ligg alle ved Frøylandsvatnet.

Som Frøylandsområdet rundt er vatnet kalla opp etter den norrøne guden Frøy.

Innhaldsliste

[endre] Økologi

Tidleg på 1980-talet blei innsjøen identifisert som eit av dei mest overgjødsla i Noreg. Giftige alger som vaks på grunn av dette førte mellom anna til at fleire kyr som drakk av vatnet døydde. Aksjon Frøylandsvatnet blei danna for å jobba med problemet. Vatnet ligg midt i eit intensivt landbruksområde.

Utsleppa av næringsmiddel som nitrogen og fosfor er blitt reduserte, men oppsamla sediment i den grunne innsjøen gjer at tiltaka ikkje har hatt så stor verknad.

[endre] Kultur

[endre] Historie

Ei soge frå vikingtida fortel at Astrid frå Obrestad, svanger med Olav Tryggvason, gøymde seg på ein holme i vatnet då mannen hennar Tryggve Olavsson blei drepen i kamp og ho sjølv blei forfølgd av Eiriksønene. Ei segn seier at den framtidige kongen vart fødd på Lalandsholmen. Det er sett opp ein minnestein ved turvegen om dette.

[endre] Idrett

Frøylandsvatnet rundt er eit løp på 16,6 km som blir arrangert årleg. Det blir òg halde ulike rokonkurransar i sjølve vatnet. På vinteren, når tilhøva er gode, er det mogeleg å gå på skeiser frå Bryne til Kvernaland.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -