Flygande insekt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flygande insekt |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Underklasse: | Pterygota | |
Vitskapleg namn | ||
Pterygota
Lang, 1888
|
Flygande insekt (Pterygota) er ei stor gruppe insekt som anten har vengjer eller som stammar frå forfedrar med vengjer. Det store fleirtalet av insekt me kjenner til i dag reknast til denne gruppa, som tradisjonelt vert delt i gruppene Palaeoptera og Neoptera. Ein reknar derimot i dag med at Palaeoptera er parafyletisk, og nyare inndelingar er under utvikling.