Flagell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei flagell er ein slags lang, tynn piskehale som heng på ei celle. Organella vert vanlegvis nytta til rørsle, men det finst òg organismar som nyttar dei til formeiring, fødeopptak eller til å festa seg til substratet. Når ei celle har ei eller fleire flageller seier me at ho er flagellert. Eukaryotar med flagelle vert ofte kalla flagellatar.
Celler med flageller kan både ha ein eller fleire av dei, og dei kan vera fest fleire stadar på cella. Ein nytta dei ofte før i biologisk systematikk av eincella organismar, men dette har ein gått meir vekk frå når me er komne til DNA-alderen.
Det finst to grunnleggjande ulike former for flageller hjå høvesvis bakteriar og eukaryotar.
Innhaldsliste |
[endre] Bakterieflageller
Bakterieflagella består av tre hovuddelar: ei hol tråd av proteinet flagellin, ein basalkropp og ei krok til å kopla desse to saman. Basalkroppen består av eit sett ringar og er meir kompleks i Gram-negative enn i Gram-positive bakteriar.
Når bakterien spinn flagella si mot klokka, sym han i motsett retning enn den flagella peikar mot. Når han spinn flagella si med klokka, skiftar han til ei vilkårleg anna retning.
Flagella vert oftast driven av såkalla PMF, proton motile force. Dette inneber at ho får energi frå proton som går gjennom cellemembranen ved basalkroppen til flagella. Somme bakteriar i basiske miljø har ei flagelle som vert driven av natrium-ion.
[endre] Eukaryote flageller

Eukaryotar med flagell har den same trådliknande strukturen i flagellene sine som bakteriar, men måten dei er bygd opp på er radikalt annleis. Sett i tverrsnitt ser ein dei er bygd opp av to sentrale mikrotubular, omkransa av ein sirkel av ni andre par. Desse er laga av eit protein me kallar tubulin.
Til skilnad frå bakterieflagella slår eukaryotflagella i bølgjer heller enn å rotera. Dei er ikkje avhengige av basalkroppen for å setje i gang rørsle, og kan fint røra seg sjølv etter å ha vorte kappa av morcella.
Døme på eukaryotar med flagell er mange algar og protozoar, i tillegg til somme celler hjå dyr. Det mest kjende dømet er sædcella.
[endre] Flageller og kreasjonismen
Kreasjonisten og mikrobiologen Michael Behe nyttar bakterieflagella ofte som døme på det han kallar irredusibel kompleksitet, det vil seie ein struktur som er for kompleks til å ha oppstått gjennom naturleg utval av fleire meir primitive steg. Han meinar dei ulike delane av ho kvar for seg ikkje har nokon funksjon utan saman med dei andre, og at dei såleis vitnar om at flagella må vera konstruert av ein skapar.
Dersom dette hadde vore riktig, hadde argumentet vore eit gyldig vitskapleg motprov mot at evolusjonsteorien til Charles Darwin er den einaste gode forklaringa på biologisk tilpassing. Det visar seg derimot at fleire ulike bakteriar faktisk enno nyttar einskildkomponentane til flagella til andre ting enn rørsle; til dømes vert PMF nytta til å danna ATP.
[endre] Kjelder
- Hogg, Stuart: Essential Microbiology Wiley 2005
- Singleton, Paul & Sainsbury, Diana: Dictionary of Microbiology and Molecular Biology Wiley 1987
- Engelsk wikipedia