Fantomet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fantomet, opphavleg The Phantom, er ein maskert teikneseriehelt som er kjend i ei rekke land. Figuren er skapt av Lee Falk, og stammar frå seriestriper i dagsavisene i Sambandsstatane, der han heiter The Phantom.
The Phantom vart skapt av Lee Falk og Ray Moore i 1936. I dag er serien mest populær i Noreg, Sverige, Finland, Australia og India, og han har eige serieblad i alle desse landa. I dei nordiske landa kjem bladet ut på Egmont forlag, i Australia på forlaget FREW, og i USA på Moonstone Books. I Noreg har bladet kome ut sidan 1964.
Fantomet er óg blitt filmatisert ei rekke gonger, sist i 1996 med Billy Zane i hovudrollen. Ein ny film, The Ghost Who Walks, er ifølge IMDB.com under planlegging.