Teikneserie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikneseriar er ein form for litteratur der historiar som blir fortalde ved hjelp av ein serie bilder. Mange teikneseriar har òg tekst som hjelper til med å få fram handlinga. Me rekner gjerne teikneseriar med til media og underhaldningsindustrien, men ein del av dei blir òg rekna som kunst, og då gjerne klassifisert som den niande kunstarten.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Ein kan sjå døme på eldgamle teikneseriar i holemaleri frå steinalderen som mellom anna viser jaktscenar frå dagleglivet deira. Det er ofte lett å gjetta seg til handlinga sjølv om me ikkje veit nøyaktig kva skaparane tenkte. Fleire gamle sivilisasjonar fortalde òg historiar ved hjelp av bilder, som i pyramideteikningane frå det gamle Egypt.
[endre] Teikneserieindustrien
I moderne tid har ein fått teikneseriar som blir masseproduserte og gjeve ut på papir. Dei er populære blant barn og ungdom, men mange seriar blir òg lesne av vaksne. Teikneseriar har gjerne enkle strekteikningar, men kan òg vera svært kunstnerisk utførde.
Den moderne teikneserieproduksjonen kjem frå USA, som har gjeve verda både vitseseriar som Knøttene og Dilbert, og eventyrseriar som Donald Duck og Fantomet. Også europeiske land som Frankrike og Belgia har skapt fleire verdskjende seriar, som Asterix, Tintin og Lucky Luke. Japan har òg ein stor teikneserieproduksjon av såkalla manga, som nyleg er blitt svært populær i resten av verda. I Noreg deler Norsk Tegneserieforum ut Sproing-prisen til beste norske teikneserie, beste omsette serie og beste nykommar.
[endre] Levande teikneseriar
Med utviklinga av filmen kunne ein òg laga teikningar som rørte på seg, og teiknefilmar blei ei populær form for underhaldning.
[endre] Teikneseriar og internett
Med nettet er det komt ein ny kanal for publisering og form på teikneseriar. Det gjev mulegheit for å gå nye vegar i mediumet. Mellom anna er det muleg å lage seriar i flash og med lyd, som til dømes Lizzy brukar.
Fleire seriar ligg gratis tilgjengeleg på nett. Desse får inntekta si igjennom vanleg sal, reklame på sida, donasjonar og nettbutikk. I tillegg til dei vanlege prisane innan dette faget, eksisterar det mange forsøk på rangere dei ulike seriane som er gratis tilgjengeleg. Buzzcomix, topwebcomics og wcca er slike forsøk.
Goblins Comic har valgt ein uvanleg innteningsstrategi. Om ikkje ein viss sum med pengar vert donert over Paypal kvar veke, døyr ein av hovudfigurane. Til gjengjeld skriv teiknaren at det vert meir spektakulære sigrar for figuren, om berre donasjonane kjem kjapt nok inn. Per 12.11.2007 er det 3 858 amerikanske dollar som har kome inn i månaden førut på denne trusselen. [1]
[endre] Sjå òg
- Kategori:Teikneseriar
- Forskjellig rangering av teikneseriar